«Kom deg ut» på søndag

Artikkelen er over 2 år gammel

Kvinnherad Turlag inviterer heile Kvinnherad med på den største søndagsturen i Noreg! Søndag 5. februar vert Kom deg ut-dagen arrangert i Fjellhaugen. Friluftsdagen er ein av 146 liknande arrangement over heile landet.

DEL

– «Kom deg ut»-dagen er ein lågterskeldag med stor L. Me vil ha med oss alle ut denne dagen, frå dei som er vande til å vera ute i naturen til dei som ikkje har erfaring med friluftsliv i det heile tatt, seier arrangøren Barnas Turlag.

 Målet med dagen, som vert arrangert for 22. gong, er å gje flest mogeleg ein smakebit på kva ein kan finna på ute i naturen, i tillegg til å læra meir om friluftsliv.

– Me skal ha aktivitetar som aking, skileik, skirebus, snømannkonkurranse og kos ved bålpanna.  Dette er aktivitetar som dei aller fleste kan klara og meistra. Og det er nettopp meistringskjensla me ynskjer å gje vidare til andre, slik at dei kan ta turen ut på eiga hand neste gong.

Møtestad for nye turvener

Barnas Turlag stiller med  frivillige som vil hjelpa til med aktivitetar, turquiz og gje råd og tips.

– Me håpar at Kom deg ut-dagen kan vera startskotet for ein aktiv vintersesong. Har ein lyst til å treffa nye turvener, er dette rett dag å bli med på. Her vert det ein fin miks av turglade små og store.

Dersom det  vert svært dårleg ver eller lite snø kan det bli endringar i programmet. Sjå heimesida til Kvinnherad Turlag eller på Facebook for oppdatert informasjon.

For meir informasjon eller spørsmål, kontakt: Barnas Turlag ved Sverre Myklebust tlf.: 901 87 436  eller Geir Arne Seglem tlf.: 920 88 382

FAKTA

Kom deg ut-dagen er den største turdagen i Noreg, og vert arrangert vinter og haust over heile landet. Den fyrste Kom deg ut-dagen var i september 2006. Arrangementa finn du i heile Noreg, frå Kristiansand i sør til Alta i nord. www.komdegut.no 

Artikkeltags