Snart offisiell opning av nytt turterreng: – Kjenner oss bra trygge på at dette vert ein av dei mest brukte vegane

UNNA FOR UNNA: Det gjekk effektiv føre seg då dugnadsgjengen laurdag gjorde siste innspurt på den nye turvegen. Fremst i bildet ser vi dugnadssjef Kari N. Røstbø og Are Blokhus.

UNNA FOR UNNA: Det gjekk effektiv føre seg då dugnadsgjengen laurdag gjorde siste innspurt på den nye turvegen. Fremst i bildet ser vi dugnadssjef Kari N. Røstbø og Are Blokhus.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Laurdag møtte ein fin gjeng opp til dugnad for å klargjera turvegen frå skulane på Husnes mot Kaldaneset.

13 personar stilte opp laurdag føremiddag. Det var mange nok til at det meste av greiner og anna rusk langs den fine turvegen kunne plukkast og brennast på store bål. Den offisielle opninga av del 1 skal skje i mars. Denne delen omfattar strekninga frå skulane og til der vegen støyter på eksisterande turveg ut mot Kaldaneset. I del 2 skal det setjast opp rastehytte, eit arbeid som skal begynnast på nærare hausten i år, ifølgje Bjørn Heimvik. Til tredje delen høyrer oppgradering av turvegen frå campingplassen til Kaldaneset, dessutan ei forlenging på 150 meter ute på neset.

Treng pengar

Heimvik fortel om ein uventa økonomisk sprekk denne vinteren. Grunna store vassmengder og høg vasstand i Opsangervatnet, vart delar av turvegen øydelagd. Vølinga, inkludert mellom anna heving av delar av vegen, førte til store ekstrakostnader som prosjektgruppa no jobbar med å få dekka inn. Fleire tiltak er i gang, ifølgje Heimvik, og han er positiv med tanke på at dette er eit godt prosjekt.

– Vi kjenner oss bra trygge på at dette vert ein av dei mest brukte turvegane i kommunen. Den opnar for ein fantastisk natur, og den ligg lagleg til både for skulane, barnehagane og Husnestunet, seier Bjørn Heimvik.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Turstiar Sunde, Husnes Vekst, LHL og Frivilligsentralen. Til no er det lagt ned om lag 580 dugnadstimar i tillegg til anleggsmaskintimar – og meir blir det.

Artikkeltags