Interessert i lokalmiljø og friluftsområde?

Den nye rastehytta ved Myrdalsvatnet blei opna i sommar, og er eitt av mange flotte turmål i Kvinnherad. (Arkivfoto).

Den nye rastehytta ved Myrdalsvatnet blei opna i sommar, og er eitt av mange flotte turmål i Kvinnherad. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag 23. november vert alle som har interesse for lokalmiljø og friluftsliv oppmoda om å koma på møte på Husnes. Kvinnherad kommune skipar då til folkemøte om prosjekt «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde».

DEL

I løpet av 2016 er over 450 område for friluftsliv i Kvinnherad teikna inn og omtala, men det er framleis område som manglar. Samstundes er det mogleg at nokre av dei som er registrerte bør endrast på. Møtet er aktuelt både for privatpersonar, lag og organisasjonar, grunneigarar, politikarar, tilsette i skular og barnehagar og andre som har ynskje om å ta vare på lokalmiljøet, heiter det på kommunen si heimeside.

Artikkeltags