Éin gong frisør, alltid frisør

SPRÅKPRAKSIS: Syriske Rasha Aaraj bruker fønar og børste samstundes som ho lærer seg norsk.

SPRÅKPRAKSIS: Syriske Rasha Aaraj bruker fønar og børste samstundes som ho lærer seg norsk.

Då syriske Rasha (35) flytta til Kvinnherad og skulle læra norsk, fekk ho samtidig høve til å ta fram gamle frisørkunstnar.

DEL

– Eg er så nøgd, seier Rasha Aaraj.

Ho smiler mot Nina Storegjerde, som er dagleg leiar på Klipp og Kna i Rosendal. Grunnen til at ho er så nøgd er språkpraksisen ho har to dagar i veka på frisørsalongen til Nina i Skålagato. Dei andre tre dagane i veka går ho på norskopplæring for innvandrarar på Husnes. Ho har tidlegare vore i praksis hos Trend på Husnes, men fordi ho bur i Rosendal var det godt å få praksisplass nærare heimen.

– Nina er så flink til å læra bort. Ho lærer meg ord og hjelper meg å forstå kundane, fortel Rasha.

– Det går veldig fint. Ho er flink i norsk, og viss det er noko som er vanskeleg så bruker vi kroppsspråket, seier Nina.

Allereie i femtenårsalderen, etter skulegangen i Syria, byrja Rasha å arbeida som frisør. Det gjorde ho i fleire år, fram til ho fekk barn.

– I Syria jobbar mannen og damene passar barna, slår Rashafast.

Nina fortel at dei to kvinnene først kom i prat på internasjonal kafé i Rosendal i vår. Dei oppdaga raskt at dei begge var frisørar. Nina hadde nettopp starta opp salongen sin, og syntest det var litt for tidleg å føreslå språkpraksis for Rasha.

– Men no har eg vore her snart eit halvt år, eg byrja ijuni, seier Rasha og smiler.

Ho fortel at ho kjem frå kystbyen Latakia i Syria og at ho kom til Noreg for litt over eitt år sidan. Ektefellen budde i Kvinnherad, så ho og sonen deira på seks år flytta etter.

– Alle er så hyggjelege her! Folk helsar og snakkar med meg på gata. Eg takkar for at de opnar dørene for flyktningar. Her er det fredeleg og fint, og vi kan byrja eit nytt liv, seier ho.

Ho fortel at sonen likar seg veldig godt på skulen og snakkar allereie flytande norsk. Ho sjølv har fått god kontakt med folk i nabolaget, og likar å prata med dei. Spesielt god kontakt har ho fått med Gunnar og Haldis, som ho også besøkjer og hjelper med tunge løft.

– Og her på salongen så gjer eg mykje forskjellig. Eg ryddar og vaskar og ordnar augebryn, seier Rasha.

– Ho er utruleg flink med bryn, skyt Nina inn.

– Og så hjelper eg til med farging og hårvask og føn.

Eigne kundar på bryn

– Rasha har til og med fått eigne kundar på augebryn. Kundane er så nøgde at når dei bestiller time så spør dei kva tid Rasha jobbar, seier Nina stolt.

Kundane kan velja mellom pinsett og «tråding». Rasha meistrar begge kunstane, i tillegg til at ho fargar vipper og bryn. Rasha fortel at ho har lært mykje av Nina. Vi spør om det er noko Nina har lært av Rasha? Rasha sjølv meiner at ho ikkje har lært Nina noko som helst, men der er Nina ueinig.

– Jo, det har ho. I Syria er det vanleg at dei fleste kvinnene har langt hår, og då må ein føna på ein spesiell måte for å få det fint, blank og glatt. Rasha er utruleg flink til å føna langt hår, og det har ho lært meg, kontrar Nina.

Rasha smiler og seier at alle damene i Syria har langt hår. Men at når dei blir gamle, så klipper dei seg kortare. Rasha brukar hijab av religiøse grunnar. Vi dristar oss derfor til å spørja ho om ho har kort eller langt hår sjølv.

FØNEKUNSTNAR: Nina Storegjerde, dagleg leiar i Klipp og Kna, får her nyta godt av Rasha sin fønekunst. – I Syria er det vanlegast at kvinnene har langt hår, og då må ein føna på ein spesiell måte for å få håret fint, blankt og glatt.

FØNEKUNSTNAR: Nina Storegjerde, dagleg leiar i Klipp og Kna, får her nyta godt av Rasha sin fønekunst. – I Syria er det vanlegast at kvinnene har langt hår, og då må ein føna på ein spesiell måte for å få håret fint, blankt og glatt.

– Kort hår! Nina klipte meg, stråler Rasha.

– Kva syntest mannen din om den nye frisyren?

– Han likte det veldig godt. Han vart veldig nøgd, seier Rasha og smiler.

Ho fortel at draumen er å gå frisørskulen i Bergen, og etter kvart arbeida fast som frisør.

– Men først må eg læra meg godt nok norsk, avsluttar ho.

Artikkeltags