Slår saman fritidsmesse og tilflyttarsamling

På fritidsmessa får lag og organisasjonar høve til å visa seg fram. Dette bildet er frå messa i fjor, og ved Kvinnherad Turlag sin stand utandørs kunne folk få seg pinnebrød og kaffi laga på bålpanne. (Arkivfoto).

På fritidsmessa får lag og organisasjonar høve til å visa seg fram. Dette bildet er frå messa i fjor, og ved Kvinnherad Turlag sin stand utandørs kunne folk få seg pinnebrød og kaffi laga på bålpanne. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

I år vert desse to faste arrangementa slått saman, og laurdag blir det mykje kjekt å sjå og høyra på for små og store.

DEL

Arrangørane ønskjer å gjera begge arrangementa meir tilgjengelege, opne og praktiske for både publikum og for lag og organisasjonar som har stands. Fritidsmessa opnar om føremiddagen, medan Tilflyttarsamlinga overtar stafettpinnen om ettermiddagen, står det å lesa i ei pressemelding frå arrangørane. Alt går føre seg i Kulturhuset Husnes.

Over 30 lag

På Fritidsmessa vil mange lag og organisasjonar stå på stand og visa kva deira lag og organisasjon held på med.

– Til no er det over 30 som har meldt seg på, men me har plass til fleire, seier Ingvild Marie Hilde i Aktiv fritid.

Det vil bli mogleg å testa olabil, og tar du med deg sykkel kan du prøva ei kjekk sykkelløype som Kvinnherad sykkelklubb har laga til. Er vêret bra, kan ein òg prøva seg på tumblingmatta ute. I festsalen vil det vera underhaldning med blant anna ulike bidrag frå kulturskulen. Ordføraren opnar messa, og leiaren for Aktivitet, læring og meistring, Geir Ove Fosse, er konferansier. I tillegg vil det vera kafé, aktivitetar både på biblioteket og ungdomssenteret, og kulturskulesenteret vil ha ei omvising på bygget. I kinosalen blir det gratiskonsert med Trio Tunnell, som har Knutsen & Ludvigsen på programmet, ifølgje pressemeldinga.

10.000 til ein tilflyttar

I fjor var det Catherine Wergeland som fekk «Tilflyttarprisen» på 10.000 kroner frå Kvinnherad kommune. Ordførar Peder Sjo Slettebø overrekte prisen. (Arkivfoto).

I fjor var det Catherine Wergeland som fekk «Tilflyttarprisen» på 10.000 kroner frå Kvinnherad kommune. Ordførar Peder Sjo Slettebø overrekte prisen. (Arkivfoto).

Det er Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice som inviterer til Tilflyttarsamlinga som overtar etter Fritidsmessa. Dette vert det åttande året alle som er flytta til kommunen siste året vert inviterte til slik samling. I år gjeld det 350 personar.

– Me synest det er fint å samkøyra arrangementet med Fritidsmessa. Det gjer tilflyttarar eit godt høve til å bli kjende med det rike lags- og organisasjonslivet i Kvinnherad, seier Emma-Kristin Ringheim Reigstad i Kvinnherad Næringsservice.

Eit variert program er i vente, mellom anna presentasjon av kommunen og utvalde lag, lett servering og musikk av Kirill Zimin og Kelly Garbini Wenning. Eit høgdepunkt er i vente til sist i programmet, nemleg trekking av Tilflyttarprisen på 10.000 kroner. Vilkåret er at tilflyttaren som blir trekt ut som vinnar er til stades i salen, går det fram av pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags