Hjelp! – Vi treng fleire frivillige

Lene Skjelnes og Mona Enes fortel at die treng fleire frivillige til Festidalen.

Lene Skjelnes og Mona Enes fortel at die treng fleire frivillige til Festidalen.

DEL

Frivillig-generalane Lene Skjelnes og Mona Enes fortel at fredagen stort sett er under kontroll, medan dei treng meir folk om laurdagen.

– Då er det områdevakter og scenevakter vi i hovudsak har behov for, seier Enes.

I tillegg trengst det nattevakt på «campen» begge dagane, og folk til å rigga ned om søndagen som det trengst folk til.

– Dei som melder seg får dagpass til den dagen dei ikkje er med på dugnad, forklarer dei to damene.

Om nokon føler for å delta er det berre å gå inn på Festidalen sine heimesider å registrera seg, eller senda ei melding til frivilleg@festidalen.no.

– Om nokon lurer på noko er det berre å ta kontakt med meg og, seier Mona Enes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags