Vil nå ut til trengande familiar i Kvinnherad

Monica Medhus frå Odda har hjelpt mange familiar med trong økonomi. No ønskjer ho å nå ut til fleire, også kvinnheringar. (Foto: Hardanger Folkeblad).

Monica Medhus frå Odda har hjelpt mange familiar med trong økonomi. No ønskjer ho å nå ut til fleire, også kvinnheringar. (Foto: Hardanger Folkeblad).

Monica Medhus frå Odda hjelper vanskelegstilte menneske med trong økonomi.

DEL

No ønskjer ho å nå ut til fleire, både familiar i Kvinnherad som treng hjelp, og bedrifter som ønskjer å støtta ho i det frivillige arbeidet.

– Eg hjelper med å skaffa alt frå mat, klede og julegåver – ja, alt ein familie treng, fortel Monica, som har eit brennande engasjement for dei som slit med å få endane til å møtast.

Ho har starta ein organisasjon og Facebook-gruppe som heiter «Hjelp til å hjelpe – Odda omegn». Ho driv òg ei Facebook-gruppe som heiter «Sommerhjelpen» for barnefamiliar rundt om kring i heile landet, der ho skaffar ferieopphald på til dømes campinghytter og hotell til dei som ikkje har råd til å betala for dette sjølve, i tillegg til gåvekort og billettar til ulike aktivitetar.

– I fjor sommar hjelpte eg 25 barnefamiliar som fekk ferieaktivitetar, og eg har allereie no familiar som søkjer om hjelp til støtte for ferie i 2019. Men for å kunna hjelpa flest mogleg treng eg støtte frå bedrifter, så eg håpar fleire vil ta kontakt med meg om dei har noko dei kan bidra med. Det er svært mange som treng denne hjelpa, og alt blir sett stor pris på, fortel ho til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags