«Brøddamo»: – Bilen betyr så mykje for meg. Utan den får eg ikkje levert til dei som treng det

STRIKKAR: Trude Beckholdt gir ikkje opp, og strikkar refleks-huer til inntekt for reparasjon av bilen som ho køyrer rundt mat med. 18. oktober kjem ho til Husnes for å selja huene. fOTO: pRIVAT

STRIKKAR: Trude Beckholdt gir ikkje opp, og strikkar refleks-huer til inntekt for reparasjon av bilen som ho køyrer rundt mat med. 18. oktober kjem ho til Husnes for å selja huene. fOTO: pRIVAT

Bilen som «Brøddamo» Trude Beckholdt brukar til å køyra ut mat til trengande med, har motorhavari. Men Beckholdt gir ikkje opp – no strikkar ho refleks-huer som ho skal selja for å få inn pengar til reparasjonen.

DEL

Som Kvinnheringen tidlegare har skrive, driv Beckholdt med frivillig arbeid i form av å køyra ut mat frå Matsentralen i Bergen til dei som treng det. Ho har også avtale med Plantasjen på Os om hundemat, og leverer òg ut litt klede. Men no fortvilar ho over at bilen ho brukar har fått motorhavari og ikkje kan køyrast. Det gjer at ho for tida ikkje får køyrt ut mat:

– Eg har vore innom fleire verkstadar som prøvde å finna ut kva som var problemet, og til slutt fekk eg beskjed om at bilen burde ha ny motor, eller at eg burde kjøpa ein ny. Men denne bilen betyr så mykje for meg! Sonen min, som er snikkar, laga innreiing til bilen og gav det i 50-årsgåve til meg i år. Det gjer at eg får utnytta plassen i den veldig godt, så eg vil ikkje kvitta meg med den, forklarer Beckholdt.

Sjølv er ho uføretrygda, og ein reparasjon er dyrt. Dermed kom ho på at ho kunne strikka huer som ho kunne selja til inntekt for bilen.

– Eg vil ikkje gi opp, og har eit håp om å få samla inn nok pengar. Eg har snakka både med politiet i Kvinnherad og senterleiar Geir Jakobsen om å få lov til å stå og selja huene på storsenteret. Det har eg fått ja til. No har eg strikka 53 refleks-huer i ulike storleikar, og har planar om å laga rundt hunder av dei. Eg skal selja dei for rundt 150 kroner. Planen er å stå på senteret på ettermiddagen fredag 18. oktober, fortel ho ivrig.

No har nokon på Facebook-gruppa hennar i tillegg starta ein innsamlingsaksjon via Spleis.no der folk kan støtta bilreparasjonen.

Meiningsfylt

Becholdt leverer rundt 70 matposar i veka, og fleire og fleire melder seg på for å få levert mat. No har ho mellom 50 og 60 personar ho leverer mat til i Kvinnherad. Sjølv har ho tidlegare budd her i 25 år. Ho kom som tilflyttar i -91, og budde på Husnes i 25 år før ho flytta til Os.

– Korleis starta dette frivillige arbeidet ditt?

– Eg begynte som vikar i organisasjonen «Hjelp til å hjelpe Os og Fusa». Då skjedde det noko. Eg elskar å køyra bil, og på denne måten kom eg meg ut og hadde noko meiningsfylt å gjera på. Så starta eg sjølv opp for tre år sidan, og starta med brød og bakarvarer. Det var derfor folk kalla meg «brøddamo». Det å få vera ein person som folk tar imot hjelp frå er utruleg givande. Det gjer godt!

Beckholdt leverer ikkje berre mat. Innimellom tar ho seg tid til å prata med menneska ho møter, og som har det vanskeleg.

– Brøddamo gjer ein fantastisk jobb for dei som ikkje har det så lett, og absolutt alt dette er frivillig hjelp som Brøddamo lever og andar for, skriv ei på Facebook-gruppa.

Beckholdt håpar kvinnheringane vil ta godt imot ho når ho snart blir å treffa på senteret med huene sine.

– Eg vil så gjerne halda fram med å køyra ut mat og hjelpa andre, men då må eg få gang på bilen igjen! Eg gir meg ikkje, seier den driftige dama med stort hjarte.


Artikkeltags