Frivilligprisen vert kvart år gitt til ein initiativrik person, ei lokal foreining eller gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn. Styret i Kvinnherad Frivilligsentral ønskjer å heidra Aslaug Elisabeth Torget Sjo med Frivilligprisen for 2016.

Aslaug er sjølve symbolet på frivillig innsats, fordi ho heile tida er oppteken av kva ho kan gjera for andre. Det vert sagt at ho ikkje tenkjer over at det er dette ho gjer, det er berre innebygd i henne at slik må det vera.

I første rekkje er det innsatsen for eldresaka ho har brunne for, og framleis brenn for. Og du kan sjå henne seint og tidleg, fleire gonger om dagen, hasta av garde, i alle slags ver, gjennom Sæbøvik sentrum, på veg til eller frå Halsnøytunet. Ein skulle tru at ho i alle fall tok lettare på ting no når ho sjølv er blitt 81 år gamal, men ho driv på same viset. Og ikkje berre i kulissane, ho tek gjerne kommandoen over tilstellingar, både i regi av Tysdagsklubben, frivilligklubben Optimisten, Halsnøy og Fjelberg pensjonistforening (som ho framleis leier!), eller andre institusjonar som treng frivillig og oppofrande innsats. Ho er alltid lett å be, og oftast treng ein ikkje be henne heller, ho berre stiller opp.

Markeringa og tildelinga vert gjort på Optimisten tysdag 21. februar, der Aslaug vert tildelt ei gåve og diplom, melder Kvinnherad Frivilligsentral i ei pressemelding.