Gå til sidens hovedinnhold

Kven fortener Frivilligprisen 2016?

Artikkelen er over 4 år gammel

Kvinnherad Frivilligsentral treng tips til kandidatar.

Frivilligprisen vert gitt til ein initiativrik person, lokal foreining eller ei gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn i Kvinnherad.

Kjenner du nokre «eldsjeler» som fortener ei slik påskjøning? Då kan du sende forslaget ditt med grunngjeving til Kvinnherad Frivilligsentral på e-post eller til Kvinnherad Frivilligsentral, Postboks 55, 5480 Husnes.

Frivilligsentralen må ha inn kandidatar innan 31. desember 2016.

Kommentarer til denne saken