– Det er inga lett oppgåve å velja ut éin blant flotte kandidatar med ei enorm dugnadsånd og stå-på-vilje. Likevel var det spesielt Geir Atle som utmerka seg, og det er nokre ting gruppa vil trekkja fram: Han er tilflyttar til kommunen, han skapar eit stort engasjement og får andre med på dugnad, og sist men ikkje minst er han ein raus lagspelar og deler alle gode tilbakemeldingar med dei rundt seg. Slike haldningar set me pris på! skriv tildelingsgurppa i ei pressemelding.

Eli Haugan får kulturprisen

Alle lag, organisasjonar og privatpersonar kan melda inn forslag til frivilligprisen kvart år, og i forslaget om Geir Atle som kandidat stod det følgjande:

«Geir Atle er tilflyttar til Kvinnherad og har tilført kommunen store ressursar med si «stå-på-vilje» og smittande engasjement. Han har alltid vore ein dugnadsmann, og sidan 2011 har han, i lag med arbeidsgruppa, vore primus motor for å få Valeparken realisert. Han, i lag med fleire andre, starta med ein liten draum om å gjera den gamle grusbanen på Valen om til noko som kunne gi glede til born og vaksne i bygda. I dag består Valeparken av ein flott ballbinge, ein fantastisk kunstgrasbane, eit stort leikeområde, sykkelbane, boccia-bane, tribune, ei grillhytte og om ikkje altfor lenge så står det ein stor garasje klar. Denne skal romma både eit kjøkken, toalett og utstyrsrom, samt garasjedel til traktor. I dette arbeidet har Geir Atle med fleire lagt ned mangfoldige timar med dugnadsinnsats som no er til stor glede for alle i alle aldrar frå heile Valebygda og andre bygder, som nyt godt av det som Valeparken er blitt. Her er det rom for å utfolda seg for liten og stor, eller ein kan nytta ein av dei mange kvilebenkane til å nyta den flotte utsikten.
I tillegg til det han gjer for Valeparken og Valebygda generelt, så er han ein stor bidragsytar under IL Trio sin Rema 1000 Husnes Cup, samt ein haug med andre smådugnadar i IL Trio. Geir Atle er og trenar og oppmann for Trio Valen G12 og brukar mange timar i veka på dette. Han er og ein ja mann i andre samanhengar, om det er noko som må fiksast eller det er ein plass der ein treng ei ekstra hand så er Geir Atle mannen ein kan lita på.
Geir Atle er raus med det meste og kvar gong han får ei tilbakemelding på det gode arbeidet han gjer er han snar å seia me. «ME har gjort ein innsats, dette har ME fått til i lag.» Det er lett å kjenna seg som ein lagspelar rundt denne mannen og hans engasjement smittar. Med si haldning og sitt engasjement skapar han tilhørighet og meir frivillige.
Geir Atle er ein fantastisk JA-mann og utfører ALT han blir spurt om med eit stort smil om munnen. Ein fantastisk mann som Kvinnherad kommune, Valebygda og IL Trio set stor pris på og han fortener verkeleg ein heider for si utrettelege innsats.»