I år vil pengane gå til dei som har ein kreftsjukdom dei ikkje kan bli frisk av. Mellom anna til forsking på livsforlengande medisin, og betre omsorgstilbod for pasientar og pårørande. Morten Heszlein-lossius, informasjonsrådgivar i Kreftforeininga Bergen, fortel at pengane både gjer pasientane fleire dagar og er med å betra livskvaliteten deira.

– Den er både med å gje pasientane fleire dagar i livet, men òg meir liv i dagane, seier Heszlein-lossius.

Om lag 80 prosent av bøsseberarane er russ, og Heszlein-lossius meiner dei aldri kunne klart det utan dei.

– Vi er audmjuke og takksame. Det arbeidet dei gjer er heilt utrulig, seier Heszlein-lossius.

Når pengane er samla inn, samlast eit eminent forskingsråd som skal dela ut pengane. Dei føler det er eit stort ansvar i å dela ut innsamla pengegåver, og samlar difor nokre av dei dyktigaste forskarane til å hjelpa dei med å velja ut kven som skal få tildelt støtte.

–  Dei kjenner forskarmiljøet og er godt egna til å sjå kva prosjekt som kan bli noko utav, seier Heszlein-lossius.

– Statistikken viser at det har vore ein stor framgang innan kreftforsking i Noreg, mellom anna er overlevingsraten dobla i løpet av dei siste 50 åra. Det er mykje takka vera innsamla pengar, seier Heszlein-lossius.

Han rosar russen frå Kvinnherad for stort engasjement.

– Dei er ein strålande gjeng med stort engasjement, og vi oppmodar alle til å støtta russen og deira engasjement i dette viktige temaet. Dei samla inn eit rekordstort beløp i fjor, så vi er veldig spent på i år, seier Heszlein-lossius.

Russepresident på KVV, Daniel Øvstebø, er positiv til årets aksjon og vonar så mange som mogleg vil støtta den gode saken.

– Vi meiner at aksjonen er ein veldig viktig tradisjon vi har her på skulen. Vi er om lag 70 bøsseberarar i år og håpar at vi vil bli møtt med eit smil i døra, seier Øvstebø.

Han rosar kreftforeininga for godt samarbeid og motiverande arbeid.

– Dei er alltid tilgjengelige for spørsmål, og hjelper gjerne til med alt det du måtte spørja om. I byrjinga av februar kom det òg ei dame frå foreininga som hadde foredrag om bøsseaksjonen. Dette trur eg hadde stor innverknad på motivasjonen til medrussen til å bli med på aksjonen. Dei har òg gjort ein veldig god jobb med organiseringa, seier Øvstebø.

Han vil òg informera om at det diverre ikkje var alle russane som kunne gå på søndag. Dei vil likevel gå med bøsser, men då kjem dei på dørene fredag 4. mars.