Stor innsats for flyktningar

Samla inn pengar: Engasjerte 6.-klassingar skipa til eit veldedig arrangement i RIF-parken søndag. (Foto: Privat)

Samla inn pengar: Engasjerte 6.-klassingar skipa til eit veldedig arrangement i RIF-parken søndag. (Foto: Privat)

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Mange i Kvinnherad samlar inn pengar og anna for å hjelpa Syria-flyktningane.

DEL

Abdulhai Korda flykta frå Syria og kom til Norge i 2002. I dag bur han på Husnes og har starta sitt eige firma med fleire tilsette. No ønskjer han å hjelpa dei syriske flyktningane som har opphald i Tyrkia.

– Eg har tenkt lenge, både dag og natt, at eg må gjera noko for desse. Difor har eg no bestemt meg for å samla inn klede som kan bli sendt til Tyrkia, fortel Abdulhai Korda.

Han har kontakt med den tyrkiske ambassaden i Norge som har sagt seg villig til å hjelpa til med å få kleda til Tyrkia og fordela dei til dei som treng dei alle mest.

– Mange av dei syriske flyktningane som no oppheld seg i Tyrkia, manglar både pengar, mat og klede. Eg kjenner på meg kor vondt dei har det. Det går mot vinter, og det vil bli eit stort behov for vinterklede. Spesielt er det behov for barneklede i ulike storleikar, seier Korda.

Han oppmodar alle kvinnheringar om å bidra i denne innsamlinga av klede, og ber om at dei klesplagga som vert leverte, er reine og heile. Har du vinterplagg som du ønskjer å bidra med, kan du ta kontakt med Abdulai på telefon 48303419, eller Aila på telefon 48242701.

Sprang for flyktningborn

Undarheim skule hadde tysdag innsamling for flyktningborn. Første- til fjerdeklasse var med, og måten dei gjorde det på var å arrangera ein idrettsdag der elevane skulle springa så mange rundar dei kunne. For kvar gong dei kom rundt, fekk dei ein lapp dei kunne leggja nedi ein kasse slik at dei i etterkant kunne sjå kor mange rundar kvart trinn hadde sprunge. Elevane fekk med seg tomme konvoluttar heim slik at foreldra kunne velja kor mykje dei ville gi til innsamlinga. Første- og andreklasse skulle springa rundt idrettsbanen, medan tredje og fjerde klasse skulle springa den nye trioløypa på 900 m. Både lærarar og elevar som trong ein pause, var med og heia og motivera dei andre medan dei sprang.

– Innsamlinga er anonym og borna skal sjølv få gi beløpet til SOS-barnebyer som støttar born på flukt i både Italia, Austerrike, Hellas, Tyskland, Makedonia, Serbia, Libanon og Syria, melder Undarheim skule.

Sparkesykkelskule

Ein gjeng 6.-klassingar skipa søndag til sparkesykkelskule med kakesal til inntekt for Redd Barna sitt flyktningarbeid.

Flyktningkrisa engasjerer også dei yngre blant oss. 6.-klassingane Andreas Hansen, Jonas Søllesvik, Jakob Steffensen, Magnus Enes, Jonas Huke, Theodor Bartlett Enes og Mathias Høyland ønskte å bidra med eitt eller anna, og bestemte seg for å arrangera sparkesykkelskule i RIF-parken søndag. Deltakarane betalte eit lite beløp kvar, og i tillegg kunne ein kjøpa seg kaker, saft og kaffi. 7-8 barn deltok på skulen, men mange tok òg turen for å sjå på, kjøpa litt å eta og elles støtta opp om dugnadsgjengen.

– Gutane var kjempeflinke. Dei stod for det aller meste sjølve — ideen var deira, førebuingane og sjølve gjennomføringa. Vi foreldre var berre i bakgrunnen og såg til at det heile gjekk greitt for seg, seier Solveig Hus Hansen, mor til Andreas i arrangementsgjengen.

Deltakarane på sparkesykkelskulen sa seg etterpå godt nøgde med kva dei hadde lært.

– Til saman fekk gjengen inn 2512 kroner, som dei vil gje til Redd Barna sitt arbeid med flyktningane. Dette var ein sum gutane var veldig nøgde med. Dei tok heile opplegget veldig seriøst, og var stolte og glade over å få bidra i dette viktige arbeidet, seier Hus Hansen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags