Frivilligsentralen må ut av lokala sine i ombyggingsperioden ved Aksen, og flyttar derfor inn i Kulturhuset neste veka. Dagleg leiar for frivilligsentralen, Veronica T. Thorsen vil ha kontor i andre etasje ved Kulturhuset, og skal frametter dela kontor med einingsleiar for Kvinnherad kultursenter, Agust Magnusson og kulturvert, Karianne Solheim.

Ein del av aktivitetane som føregår på dagtid vil bli haldne i eit møterom i Kulturhuset, medan gruppeaktivitetar på ettermiddagen skal gå føre seg i lokala til «Møteplassen Aksen».

– Eg er takksam for at alle er så samarbeidsvillige og at vi fekk løyst dette hurtig og på ein god måte, seier Thorsen i ei pressemelding. Dersom nokon synest det er vanskeleg å finna fram eller har spørsmål kan ein ringa henne.