Det er Ellinor Rein frå Kvinnherad Frp som kan sleppa nyhenda torsdag ettermiddag.

– Frp er som kjent ikkje glad i bompengar, og i samband med revidert nasjonalbudsjett har vi fått gjennomslag for at bompengane på Årsnes vert sletta. Dermed blir ferjebilletten billigare på denne strekninga, fortel Rein.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) seier til Kvinnheringen at partiet har fått gjennomslag for å få sletta bompengane ved fleire prosjekt. I vårt område gjeld det på Årsnes, der rundt 10 millionar i restgjeld gjenstår, og for Jondalstunnelen.

Det betyr at Jondalstunnelen blir gratis å køyra gjennom, og at bompengane på ferja Årsnes-Varaldsøy-Gjermundshamn, som i dag utgjer 24 kroner per strekning for ein personbil, blir sletta.

Det er som kjent planlagt nye bompengar på ferja som ein del av Kvinnheradpakken. Dette må først bli behandla på Stortinget før det kan bli godkjent, så når dette vil skje er enno uvisst.