Enorm haust for fruktbonde: – Verkeleg ein rekordsesong

4.250 økologisk dyrka frukttre på eit og same bruk på Ersland. Nokon betre?

DEL

Annhild Oma på Ersland har opplevd ein enorm frukthaust i år. Sesongen har vore god for både plommer og eple, så god at ein del av plommene gjekk til spille. I tillegg til fruktbruket på Ersland har ho eit tilsvarande bruk på Omastrand, der ho kjem frå. Ho marknadsfører seg under namnet Omaeple. Begge stader vart det rekordavling i år. Mest på Oma, men det er fordi frukttrea på Ersland berre er tre og fire år gamle. Ein del av epla vert pressa til eplemost, men det aller mest frå begge bruka leverer ho til Hardanger Fjordfrukt på Utne. Fruktbøndene får prisar etter kvaliteten på det dei leverer.

– I år oppstod ein ny situasjon for fruktlageret på Utne, det klarte ikkje å selja alle plommene tidsnok. Noko måtte kastast grunna overproduksjonen. Epla gjekk det betre med, då desse held seg lenger, forklarer Annhild.

Men sjølv om det vart haug på frukta på Utne, har Annhild likevel hatt ein god sesong.

– Faktisk har vi ikkje fått oppgjer for frukta enno, så eg veit ikkje nøyaktig kva fortenesta blir. Oppgjeret har trekt ut i tid fordi ein vurderer utjamningsprisar for å kompensera for den tapte frukta.

36 tonn frukt

Om oppgjeret ikkje er klart, veit Annhild kor mykje ho har levert, nemleg imponerande 36 tonn, 9 av desse frå dei unge trea på Ersland.

– Verkeleg ein rekordsesong. Og når trea på Ersland får nokre år til på seg, kan det bli langt meir frukt her i gode sesongar, fortel fruktbonden.

På Ersland er bakkane fylte med plomme- og epletre på rekke og rad, nesten så langt auga kan sjå, og på fleire teigar. Epla er av typen Discovery , lekre, søte, faste og raude. Av plommer har ho fleire gode sortar; Reeves, Opal, Malard og Valor. Innimellom har ho planta nokre bestøvingstre i andre sortar for å gjera avlinga så god som mogleg. På Ersland har ho 1.750 epletre og 2.500 plommetre. På Oma kan ho skilta med like mange, det vil seia at ho der har litt fleire epletre der. Alt saman er økologisk dyrka.

Arbeidskrevjande

På grunn av den rike frukthausten, har Annhild i år leigt inn meir hjelp enn vanleg. I fleire veker jobba tre mann frå Polen på heiltid med innhaustinga. I tillegg har ho innimellom hatt endå fleire hjelparar. Mannen hennar, Øyvind Ersland, er òg ein god mann å ha på fruktgarden, sjølv om frukta først og fremst er Annhild sitt prosjekt.

– Øyvind har anna arbeid som tar tida hans, medan eg jobbar berre med frukt - ei heilt grei arbeidsfordeling, meiner hardingen.

Ho er etter kvart ein svært så erfaren fruktdyrkar. Tidleg på 90-talet overtok Annhild fruktgarden «Larsane» på Oma etter onkelen sin, ein gard som ho har vidareutvikla med åra.

– Dei første åra dreiv eg med mjølkeproduksjon i tillegg, men no er det berre frukt, fortel ho.

I haustinga har Annhild ei arbeidstid på 10-12 timar per dag. Og sjølvsagt er det ikkje berre om hausten trea krev omtanke og innsats. Trea skal pleiast, gjødslast og klippast etter kunstens reglar - eit arbeid som går over store delar av året.

Bier

Paret på Ersland gjekk nyleg til investering av bikubar - 15 i alt, fordelte på Oma og Ersland.

– Hovudgrunnen er at bestøvinga av frukttrea blir betre med bier i nærleiken, men honninga dei lagar kan òg gi ei fin ekstrainntekt, seier ho med eit smil, samtidig som ho røpar at investeringa hamna på mellom 70 og 80.000 kroner.

– Trivst du med å vera fruktbonde?

– Absolutt. Det er arbeidskrevjande, men gir mange gleder.

Fakta om Omaeple

Stad: Ersland og Omastrand

Produkt: Plommer, epler og eplemost

Talet på tre: Ca 9.000

Produksjon i år: 36 tonn. Ni av desse på Ersland

Leverer til: Hardanger Fjordfrukt på Utne


Artikkeltags