Nye bebuarar hos Hardanger Rock

Sandsvala vaktar nøye over den nye heimen sin. Det er ein heil koloni som no har busett seg på sandtaket i Dimmelsvik. (Foto: Sigve Solheim).

Sandsvala vaktar nøye over den nye heimen sin. Det er ein heil koloni som no har busett seg på sandtaket i Dimmelsvik. (Foto: Sigve Solheim).

Medan det var stille og roleg for anleggsaktivitet på sandtaket til Hardanger Rock førre helg, var det nokre små luringar som såg sitt snitt til å ta seg til rette.

DEL

Då dei tilsette ved sandtaket kom på jobb førre måndag, oppdaga dei at nokon hadde tatt seg vel mykje til rette medan området hadde vore ubemanna. Det var full aktivitet i og rundt ein av dei mange sandhaugane på anleggsområdet, etter at ein effektiv gjeng med sandsvaler hadde flytta inn i løpet av helga. Trekkfuglane hekkar nemleg i koloniar i sandbakkar, elveskrentar og grustak, og fann derfor den perfekte staden i ein av sandhaugane til Hardanger Rock. Det er fyrste gong bedrifta opplever at dei fjørkledde krabatane slår seg til ro inne på sjølve anleggsområdet. Men det gjorde dei antakeleg lurt i, for dei tilsette har ingen planar om å kasta ut dei ubedne gjestene. Sandhaugen blir ståande urørt fram til sandsvalene ein gong til hausten er klare til å forlata reira, opplyser dei tilsette.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags