Torsdag 14. september køyrde stordabuen Tordis Lothe frå Stord til Øystese. Då ho passerte Hatlestrand stod ei havørn framfor ein av tunnelane.
– Ørna stod heilt roleg midt i vegen. Eg stansa bilen om lag 15 meter ifrå, tok bilde og sende snap. Ørna stod like roleg. Då eg starta bilen og sakte køyrde nærare, vart ørna først litt uroleg og så tok ho vengene fatt og fauk mot høgre og over «tunneltaket», skildrar Lothe i ein epost.
Ho lurer på om ørna er ein kjendis i området, noko folk som bur i området kanskje kan gi oss ei tilbakemelding på.