Om halvtanna veke er det klart for Omstock-festivalen. Brikkene begynner å falla på plass, og temperaturen hos arrangøren er begynt å senka seg, trass i at dei ikkje akkurat kjem til å bli arbeidsledige dei neste vekene.

– Vi ligg godt i rute, men det er jo alltid noko som kan skje på heilt på tampen. Enten nokon punkterer eit dekk eller ikkje rekker ei ferje, men det må vi berre ta som det kommer, smiler Trond Betten frå Omstock.

Det er tredje året på rad at festivalen blir arrangert, og på denne tida har dei rukke å bli større og betre, og budsjettet i år er høgare enn tidlegare.

– Målet er at vi skal samla opp pengar til å booka eit stort og anerkjent band, men det tar ein del år å bygga opp kapital og anerkjenning, informerer Betten.

Han skryter av at programmet i år er variert, og det vil vera noko for ein kvar smak.


Program fredag

Grunna bygging på Torgplassen, vil arrangementet føregå fredag ettermiddag og kveld på ei utescene på Gry Helges fredag kveld. Det heile begynner med Lambasleppet, ein talentkonkurranse som i år er eit samarbeid mellom dei to store frivillige aktørane Festidalen og Omstock.

– Det er veldig kjekt at to store og frivillige aktørar kan gå saman om denne type arrangement, fordi det er så viktig å ivareta og gjera kulturlivet i regionen levande, seier Betten.

Talentkonkurransen er open for alle, og det er seks band som skal kniva om flotte premiar.

I år har Omstock satsa på å få inn humoristisk underhaldning i programmet, noko duoen Jon Hjørnevik & Dagfinn Iversen skal ta seg av fredag kveld i kulturhuset.

– Jon er ein mann som leser dikt på ein heilt ny vri, akkompagnert av Dagfinn på gitar – dei er absolutt verdt å sjekka ut. Eg lo så eg grein då eg først såg ein snutt på YouTube, ler Betten.

Det er fleire musikalske opplevingar i vente utover kvelden på utescena, med JOKKE-tributt bandet Peanøtthjerneforbundet, etterfølgd av Greenland Whalefishers og til slutt Divin’ Ducks med husnesingen Morten Hjøllo i spissen.


Program Laurdag

Omstock starta opphaveleg for å byggja vidare på Husnesdagane og gjera programmet meir komplett med arrangement på kveldstid så vel som på dagtid. Under Husnesdagane vil det vera underhaldning for dei små, og det ryktes at det kjem til å komma sjørøvarar.

– Piratane kjem nok til å merkast både skrik og smell følger med, fortel Betten.

Kvinnherad Energi feirar 100-årsjubileum, noko som skal markerast på laurdagen med konkurransar og premiar, med Arne Torget som konferansier. Vidare skal Chili Klaus, som namnet tilseier, underhalda med chili. Og det er ikkje lite krut i chilien dansken skal ta med seg.

– Han er på leit etter folk frå Kvinnherad som vil komma og prøva verdas sterkaste chili, så om det er nokon som er open for ei utfordring der ute, er det berre til å møta opp. Eventuelt kan ein møta opp og sjå kven som er tøff nok til å ta utfordringa, ler Betten, som trur dette kan vera eit svært morosamt innslag.

På den musikalske fronten skal Nazareth (UK) først ut, og scena denne kvelden er flytta til grasflekken ved kulturhuset like ved torgplassen.

– Nazareth booka vi allereie i oktober i fjor, så dette gler vi oss stort til, seier Betten.

Vidare kan ein venta seg god underhaldning av Vivillain, Kriminell Kunst, Vinni og Bon Giovi (UK).

Førehandssalet av billettar går godt, og det er framleis råd å få tak i billettar.

– Det er berre til å sikra seg ein billett så snart som mogeleg. Dette blir bra! avsluttar Betten.