«Så kanskje vi skal skrinleggja alle planar om ferjestø til Sunde?»

Av
DEL

MEININGARRasmussen skreiv, sitat: «Vidare er eg kjend med at det kjem ei ny innfartsparkering på Sunde grunna at kapasiteten er sprengd på dagens innfartsparkering på Sunde ferjekai. Den nye innfartsparkeringa vil ikkje ha kapasitet til å ta all parkering til snøggbåten, det vil difor uansett vera behov for å utvida innfartsparkeringa ved Sunde om denne igjen vert teken i bruk som ferjekai».

Han skreiv også, sitat: «Husnes Vekst meiner at den auka trafikken kan føra til at oppstillingsplassen på Ranavik må utvidast. Eg kan ut i frå tala ovanfor og ut i frå dagens situasjon på Ranavik, ikkje sjå at det er behov for å auka kapasiteten på ferjeleiet».

Viss ein søkjer på Fonnakart og opnar det, kan ein måla areal, og samanlikna areala på Sunde ferjekai og på Ranavik. Eg kom då til ca. 11.350 kvadratmeter på Sunde som i dag er i bruk, og ca. 3.700 på Ranavik. Altså skal vi skjøna at Sunde kai av i dag er ein dårlig idé fordi her må utviding til, medan Ranavik IKKJE treng utviding, som er tre gonger MINDRE. Då må eg nok sei meg ueinig i det.

Når det er sagt, har eg òg teke mål av ferjekai på Jektevik, og Hodnanes. Det har jo skjedd noko radikalt nytt sidan sist, og det er at regjeringa har bestemt at det skal verta sørleg kryssing mellom Stord og Tysnes. Då ser det ut for meg som at Hodnanes ligg nærare Sunde enn Jektevik, og dagens ferjekai på Hodnanes er større enn Jektevik. Er så Ranavik meir enn stor nok, er det då sjølvsagt at Hodnanes absolutt ikkje treng noka utviding, som er 1,5 gonger så stort som Ranavik?

Men ein lyt få med seg at ein må byggja ny trafostasjon, så kanskje vi skal skrinleggja alle planar om ferjestø til Sunde, der det bur folk. Same for meg, som reiser lite, og endå mindre skal det bli.

Henning Emmanuelfjell,

«Kverulant»

Valen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags