Fylkesmannen set lokalt sjølvstyre til side i ei utbyggingssak i Uskedalen – meiner forvaltingsutvalet har gitt nei på feil grunnlag

Ein søknad om eit tilbygg til eit fjøs har sidan 2018 blitt send fram og tilbake mellom administrasjonen, forvaltingsutvalet og fylkesmannen. Administrasjonen seier ja – forvaltingsutvalet seier nei – fylkesmannen seier ja. No har sistnemnde skore gjennom i saka, og vil ikkje la kommunen få seia meir i saka.