Kommunen fekk medhald – Skyss må betala for elevskyss

Elevane frå Gjetingsdalen kan no halda fram medå gå på skulen i Jondal. (Foto: Sigbjørn Linga, Hordaland Folkeblad).

Elevane frå Gjetingsdalen kan no halda fram medå gå på skulen i Jondal. (Foto: Sigbjørn Linga, Hordaland Folkeblad).

Artikkelen er over 1 år gammel

Saka om skuleskyss for elevar frå Gjetingsdalen til skulen i Jondal har fått ein ende. Fylkesmannen har gitt Kvinnherad kommune medhald i klagen.

DEL

Les også:

Vil ikkje betala ekstrakostnadane med å frakta elevar frå Gjetingsdalen til skulen i Jondal

Har klaga til Fylkesmannen: Usamde om kven som skal betala for dei to elevane

Som Kvinnheringen tidlegare har skrive, er Kvinnherad kommune og fylkeskommunen/Skyss usamde om kven som skal betala for ekstrakostnaden knytt til å køyra to elevar frå Gjetingsdalen til skulen i Jondal. Skyss har tatt kostnaden i to år, men sa i januar plutseleg stopp. Usemja ligg i tolkinga av omgrepet «nærskule». Fylkeskommunen definerer nærskule ut frå avstand, medan Kvinnherad kommune påpeikar at i ei utdjuping av nærskuleprinsippet er det med ei breiare tolking som blant anna inkluderer farleg veg og rasfare. Kvinnherad kommune legg òg vekt på barna sitt beste i sine vurderingar. Skyss svarte kommunen igjen, og stod på sitt. Skyss meiner at selskapet sitt ansvar er avgrensa til kostnaden for skuleskyss slik desse ville vore om elevane gjekk på det Skyss meiner er nærskulen, Mauranger skule. Ut frå dagens busstilbod betyr det drosjekostnad frå Gjetingsdalen til Nordrepollen om morgonen, og drosje heile vegen frå Mauranger skule og heim etter skuleslutt. Meirkostnadane ut over dette må kommunen ta, meiner Skyss. Kvinnherad kommune klaga til Fylkesmannen, og nyleg fekk Anne Sofie Kjeka, sektorleiar for oppvekst i Kvinnherad kommune, beskjed om at Fylkesmannen gav Kvinnherad medhald i klagen.

– I svaret frå Fylkesmannen, ser eg at det i sakshandsaminga er gjort gode vurderingar, der ein har sett seg inn i lokale forhold og utfordringane vi har på denne strekkja. At vi får medhald er gledeleg, spesielt for dei to elevane det gjeld som no kan halda fram med å gå på skule i Jondal som dei reknar som sin nærskule, og ha tryggare skuleveg, kommenterer Kjeka til Kvinnheringen.

Saka skulle eigentleg opp i samband med vurdering av nye krinsgrenser i Levekårskomiteen sitt møte neste veke, men blir no trekt i og med at saka har ordna seg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags