«Denne gongen er det Hildegunn me må samla oss om»

Hildegunn Eiane Aarthun i Kvinnherad KrF. (Arkivfoto).

Hildegunn Eiane Aarthun i Kvinnherad KrF. (Arkivfoto).

Av
DEL

MEININGARHildegunn Eiane Aarthun kan bli Kvinnherad si (einaste?) talskvinne i det nye Vestland fylke. Med eit nytt, stort fylke er det mange kommunar som kjempar om dei øvste plassane på listene til fylkestingsvalet. Det ser ut til at alle andre parti i Kvinnherad har sine folk langt nede mens KrF er så heldige å ha Hildegunn på 6. plass. Så alle som vil ha ei røyst frå Kvinnherad inn i Vestland fylke, bør stemma på KrF ved dette valet. Det er alltid godt å ha våre eigne folk i fylkestinget, og fram til no har kommunen hatt fleire representantar herifrå. Denne gongen er det Hildegunn me må samla oss om. Ho har erfaring frå Kvinnherad kommunestyret og følgjer politikken på nært hald som lokallagsleiar. Hildegunn er engasjert og godt orientert. Ho er flink til å lytta til alle som har noko på hjartet, og er på leit etter gode løysingar. Hildegunn sat to periodar i oppvekstkomiteen, arbeider i helsesektoren som jordmor og lar seg engasjera av dei sakene som er aktuelle til ei kvar tid. Ein allroander, med andre ord. Også ved fylkestingsvalet er det høve til å kumulera kandidatane. Vel KrF si liste for å få inn ein kvinnheringen og set eit kryss ved namnet til Hildegunn! Då gjer du noko lurt!

Marit Elisebet Høines Totland

Kvinnherad KrF

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags