Dette er fyrverkerireglane

Her frå nyttårsfeiringa på Husnes i fjor. Bildet er tatt av Lars Håvard Eikeland.

Her frå nyttårsfeiringa på Husnes i fjor. Bildet er tatt av Lars Håvard Eikeland.

DEL

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har utarbeidd reglar for korleis ein skal oppføra seg med fyrverkeri for å betra tryggleiken.

  1. Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid.
    Finn ein eigna stad og rigg til for avfyring. Fyrverkeriet skal bli oppbevart utilgjengelig for barn og uvedkommande.
  2. Les bruksanvisninga nøye før bruk.
    Sett deg inn i anbefalingane til produsenten, og legg merke til aldersgrensene. Det er 18 års aldersgrense for bruk av dei fleste typar fyrverkeri. Barn som bruker stjerneskot skal alltid bli passa godt på av ein vaksen.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
    Sjekk at fyrverkeriet er heilt og utan synlege skadar. Skada fyrverkeri skal ikkje brukast eller kastast i søpla, men leverast tilbake til forhandlaren.
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta.
    Bakkebatteria må bli plassert på rett underlag og støttast opp.
  5. Bruk tennstav.
    Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller annan open flamme. Lunta er kort og ein flamme kan setja fyr på bakkebatteriet direkte. Bruk heller ein tennstav, den får du vanlegvis kjøpt der du kjøper fyrverkeri.
  6. Bruk vernebriller.
    For å redusera augeskadar bør du bruka vernebriller. Desse får du tak i der du kjøper fyrverkeri.
  7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på.
    Inne i fyrverkeriet er det ofte ei hurtiglunte som brenn veldig raskt. Derfor kan fyrverkeri bli fyrt av brått og uventa. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og komma deg på trygg avstand.
  8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.
    Sjølv om lunta ser ut til å ha slokna, kan det vere ei lita glo som ulmar. Fyrverkeri som ikkje tenner ved første forsøk skal stå i 30 minutt eller dynkast grundig i vatn før det blir fjerna. Det skal ikkje kastast i søpla, men bli levert tilbake til forhandlar. Hugs at barn gjerne brukar nyttårsdagen til å samla opp fyrverkeri, så rydd opp etter deg.
  9. Hold god avstand frå oppskytinga.
    Fyrverkeri inneheld eksplosivar som kan gje alvorlege skadar.
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
    Med alkohol i blodet reagerer du saktare. Du får også dårligare vurderingsevne.

Artikkeltags