No er mastene på plass

Torsdag førre veke vart dei to mastene monterte på Gurine, som no ligg utanfor Folgefonnsenteret.

DEL

Det var Jørn Hjelmeland som heisa på plass dei to mastene i løpet av nokre timar torsdag ettermiddag, ved hjelp av kranbil. Den lengste masta var 25 meter. Før mastene var reiste var ein del tauverk påmontert, og vekta på den tyngste masta nærma seg 2,5 tonn.

Ben Brynhildsen, som er rekna som ein av Noregs fremste riggarar, har ansvaret for rigginga av Gurine, og var allereie fredag i gang med å læra frå seg korleis setja jomfruene på vantane. Det vesle stativet som no er sett opp på dekk er midlertidig, og skal letta arbeidet med rigginga. Gurine skal liggja i Skålafjæro heile sommaren, og har allereie blitt ein attraksjon for besøkjande i Rosendal.

Artikkeltags