Kjem på sjøen igjen søndag

Bildet er frå 2011 like før «Gurine» vart sett på land. (Pressefoto).

Bildet er frå 2011 like før «Gurine» vart sett på land. (Pressefoto).

DEL

Søndag 16. juni skal hardangerjakta «Gurine» sjøsetjast på flo sjø midt på dagen. Det vil skje ved hjelp av ein flytekran som skal løfta den om lag 75 tonn tunge skuta på sjøen, opplyser Interesselaget for galeas «Gurine» i ei pressemelding.

Etter åtte år og bortimot 40.000 dugnadstimar skal skuta igjen få smaka saltvatn. «Gurine» vil bli liggjande til kai midt i Rosendal utover sommaren, slik at publikum kan følgja med på arbeidet i sluttfasen.

Dagen før sjøsetjinga skal «Nyesago» flyttast frå Skålafjæro til Gurine-fjæra, og vil der få ein sentral plass i «Rosendal kulturhistoriske trebåtsenter».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags