– Første gongen alle i dugnadsgjengen har blitt tause

Leiar for interesselaget for Gurine, Anders Jordal (t.v.) og resten av styret kunne måndag ta imot ei overraskande gåve på heile 500.000 kroner frå Sparebank1-stiftinga, med Svein Arne Eidsvik i spissen.

Leiar for interesselaget for Gurine, Anders Jordal (t.v.) og resten av styret kunne måndag ta imot ei overraskande gåve på heile 500.000 kroner frå Sparebank1-stiftinga, med Svein Arne Eidsvik i spissen.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det gjekk eit kollektivt gisp gjennom heile forsamlinga av dugnadsfolk og styre i interesselaget for Gurine då Sparebank1-stiftinga måndag dukka opp på besøk med ei gåve betydeleg større enn vanleg.

– Styret i Sparebank1-stiftinga har på eige initiativ bestemt at vi vil overrekkja ei gåve på 500.000 kroner til interesselaget for Gurine. Stiftinga har heile vegen følgd med på den imponerande jobben som blir gjort, ein jobb som er heilt eineståande, og som betyr enormt for Kvinnherad, ja for heile kystkulturen på Vestlandet, helste Svein Arne Eidsvik, då han i lag med styret i stiftinga overrekte den gjeve sjekken til den flittige Gurine-gjengen.

Ein ny runde med gåveutdeling står for tur, og Gurine hadde sendt inn ein søknad. Dei trudde difor det var eit vanleg besøk i samband med søknaden dei skulle få, og blei difor svært overraska.

– Dette må vera første gongen alle i dugnadsgjengen har blitt tause. Eg har rett og slett ikkje ord, eg er heilt sett ut, helste ein overlukkeleg leiar for interesselaget, Anders Jordal.

Gåva blei feira med kake og kaffi på kaien i ei strålande vårsol, som sette ei perfekt ramme for den gledelege dagen.

– Det er til no brukt 27.000 dugnadstimar, og rundt 10.000 timar gjenstår. Arbeidet krev svært mykje tolmod og store ressursar, og vi håpar at dette kan vera eit signal til andre òg om å gi gåver til prosjektet, sånn at båten kan bli ferdigstilt, sa Eidsvik.

Stiftinga har òg gitt gåve til Gurine seks gonger tidlegare, på til saman 610.000 kroner.

Jordal fortalde at interesselaget har uroa seg for at det ikkje skulle vera nok pengar til å halda dugnadsgjengen i gang vidare, og at denne gåva på ein halv million kroner no sikrar drifta ut året.

– For denne summen får vi nok gjort svært mykje - motorinstallering, beslag, mastar, tankar, rigging og det som er, sa han.

Ei restaurering i profesjonell regi, utan dugnadsinnsatsen, ville truleg ha kome opp i over 30 millionar kroner. Jordal estimerer at denne gjengen vil klara det for rundt 3,5 millionar pluss verdien av alle dugnadstimane, slik at båten vil vera restaurert for rundt 12 millionar når den står ferdig.

– Når ser de for dykk å kunna sjøsetja Gurine?

– Enten sommaren 2018 eller våren 2019. Då skal vi ha ein storstila fest, lova Jordal.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags