Galleri G Guddal fyller 25 år

25 ÅR: Gøril Guddal kan sjå tilbake på 25 år som galleri-eigar. Laurdag opnar ho jubileumsutstilling for å feira. (Arkivfoto).

25 ÅR: Gøril Guddal kan sjå tilbake på 25 år som galleri-eigar. Laurdag opnar ho jubileumsutstilling for å feira. (Arkivfoto).

Det vil førstkomande laurdag vera opning av «Jubileumsutstilling» hos Galleri G i Guddal.

DEL


Som du sikkert veit, markerer Gøril Guddal 25 år med galleri i år. Den første utstillinga til galleriet vart halde i november 1993, den gongen under namnet Galleriet Snikkeriet. I 2014 flytta verksemda til Guddalstunet, og Gøril Guddal kan i dag sjå tilbake på 25 år med flotte utstillingar. Kunstverk som bilde, maleri, skulpturar, keramikk, glas, smykke og tekstil har blitt presentert, med eit stort tal forskjellige kunstnarar bak verka. Seinast i sommar gjesta Hennar Majestet Dronning Sonja galleriet med sine kunstverk.


Kjente og ukjente

Laurdag opnar ei jubileumsutstilling med heile sju kunstnarar. Nokre av dei er nye i galleriet, medan det blir gjensyn med andre:

Dag Sørensen, keramikar busett i Rosendal, har hatt fleire utstillingar i galleriet. På utstillinga får publikum sjå heil nye arbeid omtrent direkte frå brenningsomnen!

Smykkefotograf Turi Løvik Kirknes frå Valen kjem frå London for å visa nokre av dei vakre fotografia ho har teke for dei mest eksklusive designarane og moteblada.

Morten Molden, Bergen, tok sivilarkitektutdanning frå NTH i ei tid då kunstnarar som Håkon Bleken også underviste arkitektane. Slikt blir det også kunstnarar av. Molden viser både maleri og grafikk.

Karen Rebekka Vasstrand, Bergen, kjem tilbake. Vi såg maleria hennar i galleriet i 2001, og denne gongen er motiva både frå bymiljø og frå landskap med sauer.

Peter Marron, frå Lepsøy ved Os, er ein engelsk keramikar utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Vi kjenner dei fine keramiske oselvarane hans frå galleributikken, men på utstillinga blir det sauer på vegg!

Frøydis Aarseth, frå Vevring i Sogn og Fjordane, har utdanning frå mellom anna Italia og Frankrike. Ho har sidan 2011 hatt sin eigen malarskule i Bergen, og lagar figurative bilde malt med olje.

Leif Hedman, Fitjar, er ein skulptør som jobbar med metall, og gjerne gjenbruk av metall. Han vil visa ein lydskulptur i Stallen i tunet med lyd av Helge Haaland.

Får du ikkje med deg opninga kan du likevel sjå utstillinga seinare, den skal stå til 22. desember.


Konsert

Ordførar Peder Sjo Slettebø får æra av å opna utstillinga, og sidan musikk har vore vesentleg på utstillingsopningane gjennom desse åra, blir det denne laurdagen ein liten minikonsert i det nye serveringslokalet oppe på låven. Desse aktørane skal spela: Ole Jacob Hystad (saksofon), Atle Fredheim (vokal og blåseinstrument), Ingebjørg Eik (vokal), Gopi Storegjerde (vokal), Gøril Skeie Sunde (cello), Bjarne Øymyr (piano), Stein Haugen (kontrabass) og Torkjell Nerhus (trommer).



Artikkeltags