Blyantkunst og trekunst trekte fullt galleri

Kjell Musland viser no fram trekunstuniverset sitt i Galleri G Guddal. Under opninga søndag hadde han selskap av stolte familiemedlemar, blant desse barnebarnet Madel Søllesvik.

Kjell Musland viser no fram trekunstuniverset sitt i Galleri G Guddal. Under opninga søndag hadde han selskap av stolte familiemedlemar, blant desse barnebarnet Madel Søllesvik.

Artikkelen er over 1 år gammel

Detaljar, særpreg og høg sjarmfaktor er fellesnemnarar for kunstverka til Kjell Musland og Stine Eide. Søndag var det fullt hus då utstillingane deira opna i Galleri G Guddal.

DEL

Det var ein stolt gallerist som introduserte dei to kunstnarane då ny utstilling opna i Galleri G Guddal søndag føremiddag.

– Kjell Musland er frå Uskedalen, men bur på Seimsfoss, så han er jo litt «vår» òg, smilte Gøril Guddal. 

Minuttar før utstillingane skulle opna, tok ho ein kikk ut på vegen, og såg at det stod bilar overalt. Og då klokka var 13 var det mest ikkje ein ledig ståplass inne i galleriet.

– Eg er veldig glad for at så mange har funne vegen hit på ein søndag føremiddag for å sjå på desse flotte utstillingane, helste galleristen.

Kniven og motorsaga har vore Kjell Musland sine arbeidsreiskap i ei årrekkje. Med stor sans for detaljar og perfeksjon har han trylla fram eit spennande og humoristisk univers av nissar, menn, kvinner og dyr.

Musland blei ein smule rørt då han såg kor mange som hadde funne vegen til Galleri G Guddal denne dagen, og han hadde laga eit flott dikt som han las opp. I gallerikjellaren kunne publikum sjå over hundre Musland-skulpturar.

Eide, som er frå Voss, har til liks med Musland sansen for detaljar. Ho brukar blyanten som arbeidsreiskap, og det var eit spennande og iaugefallande utval som hang på dei kvite galleriveggane. Den nye serien hennar heiter «Siste skrik», og spelar på den rivande teknologiske utviklinga som påverkar oss alle.

Andreas Bjørsvik og Eirik Brakestad frå Valen krydra utstillingsopninga med vakker musikk på gitar og vokal. Etter opninga nytta publikum høvet til å ta dei mange kunstverka i nærare augesyn.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags