Slik blir 2019 hos Galleri G Guddal

20. juli kjem kunstnar Lars Elling med ei utstilling med maleri og gra-fikk. (Foto: Trond Isaksen).

20. juli kjem kunstnar Lars Elling med ei utstilling med maleri og gra-fikk. (Foto: Trond Isaksen).

Gøril Guddal får mange spennande kunstnarar på besøk i galleriet sitt dette året. Denne veka presenterte Guddal programmet for 2019 i ei pressemelding.

DEL

Lasse Berntzen med akvarellar

Sesongen startar i påsken, og første kunstnar ut er Lasse Berntzen med utstillingsopning laurdag 13. april. «Prospekt» er tittelen på Berntzen si komande separatutstilling der han viser sine nye akvarellar malt i løpet av fjoråret. Etter mange år med hovudvekt på tangerande, kunstnarisk arbeid innafor design, arkitektur og undervisning, er han no tilbake til utgangspunktet sitt – bildekunsten. Tidligare har han hatt mange separate utstillingar og delteke på kollektive utstillingar, men dette blir hans første separatutstilling på mange år. Prosjektet starta som ei sjølvpålagd «øving» der han prøvde å mala eit nytt bilde kvar dag. Det viste seg vanskeleg å gjennomføra, men resulterte i ein nærast lidenskapeleg iver og konsentrasjon i å mala nye bilde – så ofte som mogleg.

Utstillinga til Berntzen står til 5. mai.

Ingri Egeberg – maleri, teikning og grafikk

11. mai opnar utstillinga med Ingri Egeberg, ein bildekunstnar og forfattar som bur og arbeider i Bergen. Sist vi såg separatutstilling med Egeberg sine bilde i Galleri G Guddal, var i 2007. I dei siste åra har ho konsentrert seg om bilda, og jobbar innanfor eit breitt spekter av uttrykk. Den enkle streken er hennar varemerke, og er grunnlaget for resten av arbeidet hennar; maleri, grafikk og meir utarbeidde teikningar. Menneske i dialog og rørsle, på flyplasser, på scenen eller ståande med ein kaffikopp på atelieret – alt kan bli bilde.

Utstillinga hennar står til 9. juni.

Frank Brunner – maleri og grafikk

Frank Brunner kjem med maleri og grafikk 15. juni. (Pressefoto).

Frank Brunner kjem med maleri og grafikk 15. juni. (Pressefoto).

15. juni kjem Frank Brunner med maleri og grafikk til Galleri G Guddal. Det forbigåande går igjen i Brunner sine motiv, stille augeblikk som eksisterer her og no og er borte igjen i neste sekund. Ofte skildra gjennom stemningsberande ljos, skuggar og speglingar. Grafikk er ein viktig del av Brunner sin kunstnarskap, og han jobbar med stor handverksmessig presisjon. Ikkje sjeldan blandar han ulike grafiske teknikkar i eitt og same trykk, noko som gjev ein djupneverknad og ein taktilitet som forsterkar det visuelle uttrykket.

Utstillinga heng til 14. juli.

Lars Elling – maleri og grafikk

20. juli kjem Lars Elling med ei utstilling med maleri og grafikk. Elling er ein historieforteljar. I bilda hans ligg lag på lag av symbolikk som ofte vekker nostalgiske minne, medan det urovekkjande ligg og lurer i bakgrunnen. Familien er eit gjennomgåande tema i Elling sine arbeid; gjenkjennelege augeblikk infiltrert av overraskande eller ubehagelege element. Lars Elling sine arbeid rører seg i eit lagvis paradoks fylt av det tilsikta/utilsikta, men er samtidig bilde på kunstnaren si personlege pilegrimsreise inn i eit djupt konsentrert arbeid, med augeblikk av overgjevnad.

Utstillinga hans står til 18. august.

Leif Hedman i «Stallen»

Leif Hedman sine skulpturar vil innta Stallen i tunet gjennom heile sesongen. I november og desember 2018 kunne ein i det vesle rommet i dette steinhuset sjå ein skulptur som var laga spesielt for dette. Frå påske 2019 vil Hedman visa frittståande skulpturar i metall som også vil vera for sal. Utstillinga vil dermed bli skifta ut gjennom sommaren og ein kan sjå litt av breidda i det kunstnaren jobbar med. Leif Hedman er sørlendingen som har busett seg på Fitjar. Han er utdanna smed og har master frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han har tidlegare jobba med tre men jobbar no stort sett berre med metall, gjerne gjenbruk av skrapmetall.

2. november til 21. desember vil det bli kollektiv utstilling med fleire kunstnarar og kunstformer, skriv Gøril Guddal i pressemeldinga. Andre aktivitetar ved galleriet vil bli presenterte etter kvart.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags