Denne helga opnar sesongen i Galleri G Guddal

Denne helga opnar Gøril Guddal galleriet sitt for sesongen. Her frå sesongopninga i mars i fjor, då Halsnøy Strupeband (bak) underheldt publikum. (Arkivfoto).

Denne helga opnar Gøril Guddal galleriet sitt for sesongen. Her frå sesongopninga i mars i fjor, då Halsnøy Strupeband (bak) underheldt publikum. (Arkivfoto).

Denne helga opnar sesongen i Galleri G Guddal med utstilling av akvarell og grafikk av Lasse Berntzen.

DEL

Laurdag 13. april blir det både sesongopning og opning av utstillinga til Lasse Berntzen. Dette blir hans første separatutstilling på mange år, og kunstnaren vartar sjølv opp med musikk saman med Jazzverket i galleriet denne laurdagen.

«Prospekt» er tittelen på separatutstillinga, der Berntzen viser sine nye akvarellar malt i løpet av fjoråret. Etter mange år med hovudvekt på tangerande, kunstnarisk arbeid innafor design, arkitektur og undervisning, er han no tilbake til sitt utgangspunkt – bildekunsten. Prosjektet starta som ei sjølvpålagd øving der han prøvde å mala eit nytt bilde kvar dag. Det viste seg vanskeleg å gjennomføra, men resulterte i ein nærast lidenskapeleg iver og konsentrasjon i å mala nye bilde så ofte som mogleg.

Berntzen er fødd i Bergen i 1954, og er masterutdanna bildekunstnar og designar frå Vestlandets Kunstakademi og Kunsthøgskolen/Universitetet i Bergen. Han har hatt separatutstillingar i Bergen kunstforening/Bergen Kunsthall, i Galleri Norske Grafikere og Galleri Tegnerforbundet i Oslo, og i mange kunstforeiningar i norske byar. Han har delteke på ei lang rekkje kollektive utstillingar i inn- og utland, og er offentleg innkjøpt av mellom anna Norsk kulturråd og Justisdepartementet, og han har utført fleire store offentlege utsmykkingsoppdrag.

I Stallen, det vesle steinhuset i tunet, opnar Leif Hedman utstilling med skulptur i metall. Kunstnaren vil visa skulpturar i dette rommet gjennom heile denne sesongen, og fylla på etter kvart som salet går sin gang. Hedman er utdanna smed, men har seinare teke master ved Kunsthøgskolen i Oslo. Han er sørlendingen som har busett seg på Fitjar og lagar der små og store skulpturar utført i skrapmetall. I Guddal vil han visa mindre skulpturar denne sesongen. I løpet av sommaren vil han også laga skulpturar i eldhuset i tunet her. Tidspunkt for dette vil bli nærare annonsert.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags