Totland på Galleri G Guddal

Forfattar Anders Totland er på turné med kokeboka «Digg», og søndag kan du møta han i Galleri G Guddal. (Pressefoto).

Forfattar Anders Totland er på turné med kokeboka «Digg», og søndag kan du møta han i Galleri G Guddal. (Pressefoto). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag kjem forfattar Anders Totland til Galleri G Guddal for å presentera kokeboka «Digg».

DEL

Totland fer rundt som ein virvelvind og gjer stor suksess med bøkene sine for tida. I Guddal blir det fokus på kokeboka «Digg» som han har gitt ut saman med Marius Knutsen, melder galleriet i ei pressemelding. Kva ein skal ha til middag er det evige spørsmålet, og i denne boka set Totland fokus på den gode, enkle og sunne kvardagsmaten. Kafeen ved galleriet skal denne dagen testa ut oppskriftene frå boka, både supper og kaker, og Rosendal Bokhandel er til stades for å selja boka. Kjøparane blir med i trekninga av ein super premie – nemleg at kokk og forfattar Totland kjem heim til vinnaren og lagar mat til fire personar.

Han vil også presentera dei andre kritikarroste bøkene sine medan han er i galleriet, og pianoet blir også teke i bruk.

Artikkeltags