– Dei høge prisane på straum gjer at fleire gartneri har teke tunge avgjerder om å redusere produksjonen sin. Enkelte har sagt opp eller permittert tilsette. Det er veldig alvorleg, seier Katrine Røed Meberg, generalsekretær i Norsk Gartnerforbund til NRK.

Forskjellen i straumpris har aldri før vore så stor som no, og fleire kraftanalytikarar spår at det vil bli verre til vinteren. I juni har gjennomsnittprisen på straum vore 17 gonger billigare nord for Dovre enn i Sør-Noreg.

– Forskjellen i straumpris er ikkje rettferdig og er heilt ubegripeleg, seier agurkdyrkar Johan Morten Vold frå Frosta i Trøndelag, som bur på den sida av landet der straumen er billigast.

Norsk Gartnerforbund fryktar konkursar i næringa og krev strakstiltak for å hindre at det skjer. Kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson, seier til NRK at straumen snart skal flyte noko betre mellom nord og sør.

– Neste år tek Statnett i bruk ei ny marknadsløysing som gjer at vi kan utnytte dagens nett betre. Då vil vi kunne overføre meir straum der det i dag er avgrensingar.

(©NPK)