Gå til sidens hovedinnhold

Gav Festidalen underskotsgaranti

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdag vedtok formannskapet å gi Festidalen ein underskotgaranti som eventuelt slår inn dersom festivalen skulle få ein minus større enn 200.000.

I så tilfelle hentar ein midlar frå formannskapet sin disposisjonspost, ettersom Kommunedirektøren ikkje har midlar til slikt i budsjettet sitt.

I debatten hausta Festidalen mange lovord frå politikarane, og det enda med at formannskapet – mot røystene til Ove Lemicka (Frp) og Marit Årthun (KrF) – vedtok å gi inntil 200.000 kroner i underskotsgaranti.

Årthun og Lemicka var samde om at ein med dette forskjellsbehandlar festivalane i kommunen.

– Men for å seia det slik: Det er verre saker eg kjem til å bli overkøyrd i enn denne, kommenterte Lemicka like før avrøystinga.

Les også

Highasakite-trommisen før Festidalen-returen: – Dette blir noko anna

Kommentarer til denne saken