Gav nytt leikeapparat i gåve til Skomakarhagen

Tysdag monterte denne gjengen eit flunkande nytt leikeapparat i Skomakarhagen. F.v.: Karolina Gunnarsson-Duncan, Christoffer Hillestad, Jens Emmerhoff, Aleksander Romslo, Isak Skaare-Fatland, Marius Ommer Bjelland, Benedicte Johnsen, Malene Kristensen Anthonsen, Erika Paulona Nylund Nygaard og Frida Øvrevik Farestad.

Tysdag monterte denne gjengen eit flunkande nytt leikeapparat i Skomakarhagen. F.v.: Karolina Gunnarsson-Duncan, Christoffer Hillestad, Jens Emmerhoff, Aleksander Romslo, Isak Skaare-Fatland, Marius Ommer Bjelland, Benedicte Johnsen, Malene Kristensen Anthonsen, Erika Paulona Nylund Nygaard og Frida Øvrevik Farestad.

Tysdag førre veke monterte ungdomsskuleelevane som har valfaget «Innsats for andre» eit heilt nytt leikeapparat i Skomakarhagen i Sæbøvik.

DEL

«Innsats for andre» på Øyatun:Skulefaget desse elevane har valt seg handlar om å gjera noko kjekt for andre. Gjennom den nye bruktbutikken sin og loppemarknaden dei arrangerte 10. mars, har dei samla inn pengar, og nokre av pengane har dei altså brukt på å kjøpa eit vippe-fly som dei fekk montert i Skomakarhagen på tysdag. Med seg hadde dei fire gutar frå 10. trinn som ikkje har dette valfaget, men som var «leigd inn» som muskelkraft til å grava hol og støypa fundament til apparatet: Marcus Haavik, Christoffer Hillestad, Jens Emmerhoff og Isak Skaare-Fatland. Vippe-flyet kosta rundt 8.000 kroner utanom frakt. Dei andre elevane som ikkje var med i Skomakarhagen, var ute på andre oppdag, blant anna med å hjelpa eldre i hagen.

– Elevane har mange fleire oppdrag no i sommarhalvåret, fortel faglærar for Innsats for andre, Bente Sjo.

– Det er eit veldig kjekt valfag, fordi vi får hjelpa og gleda andre. Vi er nok fleire som kjem til å velja dette valfaget til neste år òg. Og i dag var det herleg å jobba utandørs! meinte Benedicte Johnsen som går på 8. trinnet.

I tillegg til å montera leikeapparat beisa dei flinke elevane også volleyballtribunane som står ved sandvolleyballbanen, slik at dei skal vera fine til Hamnedagen sankthanshelga. Metallbokstavane som skreiv «Skomakarhagen» har ikkje hange på veggen ved samfunnshuset på mange år, men no har elevane på Innsats for andre pussa dei og malt dei slik at dei kan monterast opp igjen.

Artikkeltags