«Den fantastiske villaksen» er ein dokumentar i fire delar, produsert av Pandora film og med fiskeentusiast og miljøkrigar Kenneth Bruvik som programleiar. Første episode gjekk på NRK1 tysdag førre veke, og då kunne ein mellom anna sjå eit innslag med Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag. Pedersen og villfisklaget administererer Genbank Hardangerfjord, og i morgon tysdag dukkar genbanken opp igjen i serien. Produksjonstemaet var med då representantar frå genbanken og ungar frå Rosendal FUS barnehage sette ut overskotsyngel frå genbanken tilbake i Melselva i 2016.
- Innslaget vert ein del av komande episode av programmet. Genbanken har hatt med seg Rosendal FUS barnehage på oppdrag ved fleire høve, og har eit godt samarbeid med dei, seier Pedersen.