Gjensidige sine kundar i Kvinnherad får 6,9 millionar kroner i kundeutbytte i år. Det er det største beløpet nokosinne.  

– 2017 var eit godt år for Gjensidige, og derfor kan vi i år dele ut et solid utbytte. I Gjensidige går mesteparten av utbyttet til kundane, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad i ei pressemelding.

Ein privatkunde får i gjennomsnitt 1624 kroner i kundeutbytte i år.