Loppegeneral Frank Christer Steffensen fortel til Kvinnheringen at korpset alt har hatt eitt møte, og at oppgåver framover vil bli fordelte i nær framtid.

11. november går den tradisjonsrike loppemarknaden til Rosendal skulekorps av stabelen igjen, i Rosendal samfunnshus. Då marknaden blei arrangert i fjor, stod folk i kø for å koma inn, og det var tydeleg at mange hadde sakna arrangementet i dei åra koronapandemien sette ein stoppar for det.

– Nyleg hadde vi ein heil helg i Mikkelparken, på oppstartsseminar med korpset. Slike ting hadde vi ikkje hatt råd til utan loppermarknad, seier Steffensen.

Alt skulekorpset drar inn av pengar på sal av loppis-skattar går nemleg tilbake til barna.

– Pengane går inn i skulemusikken, til seminar, kurs og instrument.

Dei siste fire torsdagane før sjølve loppemarknaden står korpset klare til å ta imot loppar på samfunnshuset i Rosendal, og det kan vera nær sagt alt mogleg.

– Men alt må vera brukande, formanar Steffensen, som seier at klede, leikar og sportsutstyr er blant kategoriane dei set pris på å få.

Holete klede og defekt utstyr er ikkje ønskeleg.

– I fjor hadde vi enkelte tilfelle av dårleg utstyr. Vi kjem til å vera veldig kritiske, elles må vi køyra til SIM med det, og det er dyrt.

Steffensen fortel at korpset tilbyr å køyra heim til deg om du har nokre større ting du vil donera til loppemarknaden, som til dømes møblar.

– Kva er oppmodinga di til folk no i tida før «loppisen»?

– Ta vare på lopper, ikkje kast dei!