Gå til sidens hovedinnhold

Gjer seg lekker for datasenter

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnherad Breiband har søkt om at dei saman med kommunen kan få byggja sjøkabel med fiber frå Rommetveit til Sunde.

Dette for å vera rusta til å kunna bli ein kommune som eit datasenter vil etablera seg i. «Denne sjøkabelen kan koplast på det fiberoptiske landsnettet og få sikker tilgang til eit stort nettverk av andre og konnektivitet. Dette gjer at Kvinnherad får ei best mogleg regional og internasjonal samankopling (...)», står det i eit dokument til formannskapet.

Kommunedirektøren rår til at Kvinnherad kommune kjøper og trekkjer fiberkabel frå Rommetveit til Sunde i eigen regi. Inntil 1,7 mill. kan brukast av stimuleringsmidlane som er avsett i investeringsbudsjettet 2019. Kommunen kan deretter selje delar av kabelen til andre aktørar, står det å lesa. Formannskapet får saka på bordet torsdag.

Les også

Drøfta lokalt eigarskap av kraftverket

Kommentarer til denne saken