Gjester frå heile verda har funne vegen til gardsperla på Ænes: – Hadde ein felles idé om å få til noko spennande
Artikkelen er over 2 år gammel
Gjester frå heile verda har dei siste åra funne vegen til det idylliske småbruket Gygratun på Ænes. No har ekteparet Hulda Bohlin og Leif Kolbjørn Kongestøl sitt gardsturismetilbod blitt med i næringsorganisasjonen Hanen, eit kvalitetsstempel for gardsperlene i landet.