Nissefar er som kjent ein bereist kar, og i år har han teke seg ein rundtur i den flotte kommunen vår. Han har sendt oss i Kvinnheringen bilde frå dei ulike plassane han har besøkt, og derfor har vi bestemt oss for å ha ein julekalender i form av ein gjettekonkurranse for lesarane våre!

Kvar dag frå 1. desember til julaftan 24. desember legg vi ut eit bilde av nissefar. Di oppgåve blir å gjetta kor han er.

Kvar dag trekker vi ein vinnar av dei som har svart rett, og vedkommande får eit flott Figgjo-krus med Kvinnheringen sin logo på.


Vil du vera med i trekninga må du derfor følgja godt med på nettavisa vår, og senda inn svaret ditt innan midnatt same dagen som bildet blir lagt ut.

I tillegg til dagspremiane kan du vera med og konkurrera om ein samanlagt-premie.

Den som har gjetta rett flest gonger fram til og med 24. desember, vinn eit gåvekort på 1000 kroner frå Husnes Storsenter.

(Er det fleire som har svart like mange rett, trekker vi ein vinnar av desse).