Alle billett- og salsinntektene går til kvinnehelse ved Kreftforeningen, opplyser initiativtakar Charlotte Berntsen Persson til Kvinnheringen.

– Planen var å arrangera cup. Det gjekk ikkje i år, men vi håpar å få det til neste år, seier Persson, og held fram:

– Eg hadde eit brennande ønske om arrangera ein cup for å gi inntektene til Kreftforeningen og deira arbeid med bryst- og gynekologisk kreft. Det har i det siste stått meg veldig nær, forklarar ho.

Kjente gjester

Persson fortel at ein gjeng frå Fitjar har stabla eit kvinnelag på beina og kjem for å møta Golden Girls til dyst på kunstgrasbanen ved Halsnøy skule.

Ho fortel at dei har fått med mange ulike sponsorar, og på slutten av dagen blir det loddtrekning og utdeling av premiar. Bra Lunsj skal grilla, det blir sal av kaffi og kaker, og prominente namn som Hans Inge Myrvold, Hilde Enstad, Ørjan Bakke, Rune Landa og Arne Torget kjem for å bidra med sitt.

Stortingsrepresentant Myrvold skal døma kampen.

– Veldig fint

Golden Girls er ein gjeng som har trent fotball saman i rundt eit år. Persson fortel at det er med folk frå både Husnes, Sunde og Valen når gjengen trenar på Halsnøy ein gong i veka.

– Vi vil laga eit familiearrangement og vera gode forbilde for dei unge. Gjengen som trenar i lag, gjer det berre på gøy. På mindre stadar kan ein fort bli litt isolerte. På trening treffer ein andre ein elles ikkje ville møtt så ofte, og mange av oss er mødrer. Vi set av tid til oss sjølve, til kvinnehelse, kan ein seia. Det er sosialt og fint å møtast slik.

– Eg synst det er veldig kjekt at vi kan gjera noko som dette saman. Det er eit fint høve for folk og familiar å komma seg ut, vera sosiale og samtidig støtta ei veldig viktig sak. Vi håpar flest mogleg tar turen, avsluttar Persson.