Best fleire år på rad

BLIDE KARAR: Fire karar, inkludert vinnaren av årets klubbmeisterskap. F.v. Verner Fjelland, vinnar Ove Tungesvik, Finn Guddal og Åge Vik.

BLIDE KARAR: Fire karar, inkludert vinnaren av årets klubbmeisterskap. F.v. Verner Fjelland, vinnar Ove Tungesvik, Finn Guddal og Åge Vik.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ove Tungesvik (nr. 2 frå venstre) blei beste golfaren i klubbmeisterskapen for tredje året på rad denne helga. Beste kvinne blei Aslaug Knutsen, ho tok sin fjerde strake siger.

DEL

Kvinnherad golfklubb arrangerer kvart år ein klubbmeisterskap for alle medlemene på golfbanen på Husnes. Denne helga hadde meisterskapen 18 deltakarar; tre kvinner og 15 menn. Under meisterskapen tel ein ikkje poeng, men tal slag deltakarane bruker på alle hola. Banen på Husnes har ni hol, derfor gjekk deltakarane to rundar både laurdag og søndag for å få full 18-holsrunde.

Laurdagen blei deltakarane delt inn i såkalla «flights», eller mindre grupper, som spelte saman rundt på bana. For å spara tid begynte dei ulike flightane ved ulike hol på banen. Laurdagen var krevjande, med mykje vind. To deltakarar trekte seg etter den runden, derfor stilte berre 16 til runden på søndagen. Då var forholda langt betre, med strålande sol og omtrent vindstille. Søndagen gjekk deltakarane i «flights» ut frå resultata dei fekk dagen før. Ove Tungesvik vann klubbmeisterskapen dei to førre åra, og stakk av med sin tredje siger på rad denne helga. Han hadde 82 slag laurdag og 84 slag søndag. Beste kvinne blei Aslaug Knutsen, med 91 slag laurdag og 92 slag søndag. Ho tok sin fjerde strake klubbsiger i dameklassen.

Kvinnherad Golfklubb blei formelt starta i 1999, og har i dag rundt 160 medlemer. Dei ønskjer seg gjerne fleire, spesielt kvinner og ungdommar.

– Å driva med golf er utruleg kjekt! Det er sosialt, og så får vi god mosjon. Det varierer kor ofte vi i klubben speler golf, men kvar onsdag gjennom sesongen speler vi ein klubb-cup. Mange av oss reiser også på turar for å spela golf i utlandet, fortalde Aslaug Knutsen og Tone Lægreid då Kvinnheringen møtte dei under turneringa.

I utgangspunktet kan ein spela golf på banen på Husnes heile året, så lenge det ikkje er snø. Neste månad blir det arrangert ei avslutningsturnering for sesongen. Då blir det truleg enda fleire deltakarar, fordi det er ei parturnering som mange synest er kjekk å delta i.

Resultat i klubbmeisterskapen

Menn:

1. Ove Tungesvik 168

2. Åge Vik 175

3. Henning Sæbø 176

4. Verner Fjelland 176

5. Finn Guddal 179

6. Erik Eide 180

7. Håkan Bjørk 184

8. Ivar Arnesen 186

9. Stian Petterson 192

10. Cato Hellevik 193

11. Kenneth Johansen 193

12. Jan Gunnar Koløy 194

13. Roy Ersland 199

14. Andreas Koløy 209

Kvinner:

1. Aslaug Knutsen 183

2. Tone Lægreid 212

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags