Gratulerer til Dill!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det er ikkje ei fin helsing frå Gerhard Eide i lokalpressa i høve 10-årsjubiléet i Dill AS, eit selskap han som dåverande styreleiar gjekk inn for å leggja ned for berre 2,5 år sidan. Hadde han fått viljen sin, hadde Dill for lengst vore historie. Kjøkenet hadde stått mørkt og stille i dag. Konsekvensen ville ha vore at dusinvis av eldre og sjuke i Halsøy- og Husnessona hadde vore utan det flotte tilbodet om rimeleg, god middagsmat som dei har hatt i fleire år, og framleis har, takka vere innsatsen frå «jentene på Dill» og det frivillige støtteapparatet på begge sider av tunnelen.

Det heile er eit ufint og svært usakleg angrep på ordførar Peder Sjo Slettebø, som gjekk inn for ei anna løysing for at Dill skulle kunna levera middag til dei kommunale bebuarane på Halsnøytunet enn den ordninga som Gerhard ville ha, den gongen. Som ein av dei som var med og skipa Dill for 10 år sidan og har følgt selskapet på nært hald sidan, også i styret, har eg aldri vore i tvil om at Peder heile tida har hatt eit og stort og varmt hjarta bankande for Dill. Det har han synt og gitt uttrykk for ved mange høve!

Det er lov å vera «såra og vonbroten» når ein ikkje har fått viljen sin igjennom. Men det er grenser for kor sterkt ein bør lasta dei som har andre måtar å løysa ei sak på, sjølv om ein er svært bitter. Den grensa har Gerhard Eide gått over, denne gongen. Heldigvis er det nye og friske krefter som står i brodden for dette fantastiske tiltaket i dag. Dei kjem med stort engasjement og på ulike måtar til å syta for at grytene på Halsnøytunet vert haldne varme i mange år framover. Peder er mellom desse.

Me er mange som gler oss til 10-års markeringa og som framleis kjem til å støtta opp under Dill-modellen. Gratulerer med jubiléet!

Per Ove Kviteberg

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken