Tok farvel med Tjerand Lunde

Det var fullsett i kyrkja då Tjerand Lunde vart gravlagt tysdag.

Det var fullsett i kyrkja då Tjerand Lunde vart gravlagt tysdag.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ei fullsett kyrkje på Valen tok i dag eit siste farvel med Tjerand Lunde.

Onsdag femte juli gjekk Tjerand Lunde bort, ein mann som har sett store spor etter seg, særleg i Kvinnherad. I dag vart han følgt til grava frå Valen kyrkje.

Lunde har vore markant på svært mange vis, men særleg gjennom sitt engasjement som overlege og psykiater ved Valen sjukehus og som leiar i Trio.

Håvard Lunde, son til Tjerand, heldt minneord på vegner av familien, og han teikna eit varmt bilete av faren.

– Pappa har vore vår faste trygge fortøying. Han var raus med kjærleik og leik og losna aldri frå oss.

Tjerand var heller ikkje ein far som stilte store krav, men ein som alltid var til stades, som var tilgjengeleg og fast. Ein raus og tolerant far, fortalde sonen.

Særleg framheva han det at Tjerand alltid møtte menneske med same respekt og genuine interesse.

– Ingen var allmektige, men alle var medmenneske. Verdiane vil ikkje falma etter Tjerand, som hadde eit empatisk og omsorgsfullt hjarta. Visdomen du gav oss vil aldri sovna inn, sa Håvard Lunde.

Han fortalde òg om ein aktiv idrettsfar, først som idrettsutøvar, og seinare som administrator og trenar i Trio. Den største gleda fann Tjerand i å skapa aktivitet.

– Livet til pappa bar preg av arbeidsglede for idrettslag og jobben. Han var også med og følgde opp borna på aktivitetar, sa Håvard i minnetalen.

Han trekte fram mange gode barndomsminne med familien, og minne om ein far som strekte seg langt for å gjera livet godt for andre. Den største støttespelaren Tjerand hadde var kona Sissel, mor til Håvard.

Håvard Lunde avslutta med å fortelja om ein far med masse godt humør og sjølvironi, og latteren var noko av det siste han mista.

– Pappa, du hadde ei sterk barnetru, og finst det ein himmel er du der no. Kjærleik, omsorg og visdom er arven etter deg. Vakta di er over, pappa. Sov godt, avslutta Håvard Lunde på vegner av familien.


Takk frå Trio

I kyrkja vart det også sagt fram helsing frå Helse Fonna, med takk og stor respekt for jobben Tjerand Lunde gjorde for Valen sjukehus, for tilsette og pasientar.

Knut Prestnes, leiar i Trio, takka Tjerand for den store jobben han gjorde både som utøvar og ikkje minst som administrator i Trio.

Prestnes fortalde om Tjerand sitt aktive liv som idrettsutøvar. Han vart krinsmeister 36 gonger og representerte Norge på juniorlandslaget i friidrett. Tjerand scora òg det aller første målet på grusbanen på Valen, i ein kamp Trio vann 7–3 over Trott.

– Hjartesaka til Tjerand var utan tvil å trena og rettleia andre. Det er ikkje få talent i Kvinnherad som er utvikla av han, sa Prestnes.

Tjerand var leiar i Trio frå 1976 til 2012, og Prestnes viste til den enorme utviklinga som var i Trio frå han starta til han gjekk av som leiar. Dette både med omsyn til anlegg og breiddesatsinga til klubben.

– Trio vart utvikla til eit moderne idrettslag med fokus på barn og unge, sa Prestnes, som takka Tjerand for innsatsen gjennom langt idrettsliv.

Etter gravferda var det minnestund i velferdsbygget ved Valen sjukehus.



Artikkeltags