Vi vart ikkje akkurat overraska over at cruisenæringa ville slå tilbake på lesarinnlegget vårt, og vi er glade for at næringa tar klimautfordringane på alvor. Det er nemleg rett som Sletner skriv at det skjer mykje godt innovasjonsarbeid i cruisenæringa for å gjera den meir berekraftig.

Lesarinnlegget vårt var ikkje først og fremst eit valkamputspel, då kampen mot forureinande cruiseskip har vore på agendaen vår lenge. Det kjem den nok også til å vera framover, inntil cruisenæringa vert berekraftig. Dette gjeld for så vidt også all annan transport på sjø og land.

Vi held oss til offisielle tal, og det er nok meir Sletner som prøver å bagatellisera ting. Klimagassutsleppa frå cruisenæringa «world wide» utgjer om lag 21 millionar tonn karbondioksid (CO2) slik vi skreiv, 25 prosent meir enn det totale utsleppet frå all transport i Noreg, og dette er sjølvsagt altfor mykje. I tillegg kjem svært store utslepp av mellom anna svovel og nitrogenoksider. Det er sistnemnde forureining vi ofte ser som eit giftteppe i populære norske cruisehamner og fjordar. For mange med luftvegssjukdomar og astma, er dette direkte helsefarleg.

Når det gjeld Sletner sin påstand om at naturgass nesten er utsleppsfri, så er dette skivebom. Rett nok er naturgass det reinaste fossile brenselet vi har, men utsleppet av CO2 er framleis betydeleg. Naturgass vil såleis måtta erstattast av fornybar energi (om ein ikkje lukkast med å avkarbonisera gassen). Cruisenæringa har såleis ein lang veg å gå før ein kan kalla seg fornybar, og løysinga er truleg ein kombinasjon av elektrisk drift og hydrogen.

Når dette er sagt, så har vi stor tru på innovasjonsarbeidet som skjer innanfor maritim næring, og er spesielt glade for at norsk teknologi og kompetanse leiar an i dette arbeidet. Mellom anna har den maritime klyngja NCE Maritime CleanTech på Stord eit særs spanande konsept for utsleppsfri cruisefart, og Corvus i Bergen har lansert ein ny batterimodell spesielt tilpassa cruiseskip og store lasteskip.

Vi ønskjer Sletner & Co lukke til i arbeidet med å utvikla fossilfrie cruiseskip, og vil med stor interesse følgja med på dei framstega som næringa heilt sikkert kjem til å oppnå.

Ta vare på miljøet – stem grønt ved valet i september!


Jostein Saghaug og Matthias Zimmermann
MDG – Miljøpartiet Dei Grøne Kvinnherad