Opningsfest for fisketrappa

Laurdag ettermiddag blir det feiring og offisiell opning av den nye laksetrappa i Seimsfossen.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Guddalselva har hatt fisketrapp heilt tilbake sidan 1941, og sidan den gongen er det bygd fleire fisketrapper. Men i 2014 starta Guddalselva elveeigarlag prosjektet med å laga ei ny laksetrapp, tilpassa både sjøaure og laks med meir optimal utforming enn den gamle. Den nye var ferdig i mai i år, og har kosta rundt ein million kroner, hovudsakleg finansiert av oppdrettsnæringa og lokale entreprenørar. Trappa består av 11 kammer i betong, som gjer det lettare for fisken å vandra oppover elva.

Og laurdag ettermiddag blir det offisiell opning. Frank Bakke-Jensen i næringskomiteen på Stortinget skal vera gudfar for fisketrappa, Irene Bjørke skal spela fele, det blir kaffi og kaker frå Omvikdalen Bygdekvinnelag, og barn og unge kan få prøva seg på fiske etter storlaksen etter opninga. Det blir også grilling av laks.

Artikkeltags