Guddalselva er eit lite, men nyttig vassdrag for Havforskingsinstituttet (HI). I denne ligg nemleg eit elvelaboratorium, og det er ikkje tilfeldig plassert der det ligg midt i Hardangerfjorden. Hordaland med Hardangerfjorden har med sine 50 tonn laks per kvadratkilometer den høgaste slakteproduksjonen i Norge, framføre Rogaland som har 32 tonn pr. kvadratkilometer. Fiskarar i Hardangerfjorden meldte på 1990-talet om fleire og fleire rømte oppdrettsfisk, ein stor auke i lakselus og stadig mindre fisk i elvane, men styresmaktene hadde lite data å gå etter for å kunna fatta tiltak.

‒ Framleis går mykje av forskinga føre seg i innandørs laboratorium, men for å få eit  mest mogleg reelt bilde av røynda treng ein òg gjera undersøkingar i naturlege omgjevnadar. Til dette eigna Guddalselva seg godt, med høveleg vassføring og god vasskvalitet. I tillegg var det ingen eigen laksebestand i elva, men ein liten sjøaurebestand, så vi stod ikkje i fare for å skada ville bestandar.

Det fortel forskar Øystein Skaala, som var primus motor då HI sitt elvelaboratorium blei oppretta i år 2000, i samarbeid med velvillige elveeigarar og styresmaktene.

‒ Vi hadde to hovudmål for datainnsamling i elva. Det eine var å overvaka villfisken, både smoltproduksjonen, gytebestanden, marin overleving og rømt fisk. Det andre var undersøkingar av i kva grad rømlingane sine ungar påverkar villaksen sine ungar i elva.

 

Redusert overleving

Det blei bygd fiskefeller, slik at HI kunne overvaka all opp- og nedvandrande fisk. Gjennom åra med teljing såg ein at smoltproduksjonen var som den skulle i elva, så då var det om og gjera å finna ut kvifor så få fisk kom heim til elva igjen etter sjøopphaldet.

‒ Slik sett stadfesta teljingane våre det fiskarane i midtre Hardangerfjorden hadde sagt i fleire år. Vi såg også at det var best overleving dei åra det var registrert minst lus på villfisken. For å undersøkja betydinga av lakselus, vart det gjennomført ei rekkje samanlikningar av sjøoverleving på grupper av laksesmolt som var medisinert mot lus i fleire fjordsystem. Resultata viste at lakselus tok knekken på ein del av villaksen. Undersøkingar vi gjorde på sjøaure i Guddalseva peikte same veg. Vi gjorde òg eksperimentelle forsøk for å finna ut korleis rømt oppdrettsfisk påverkar dei ville fiskebestandane, mellom anna for å finna ut kva overlevingsgrad desse har, fortel Skaala.

Før HI gjekk i gang med sine eksperiment var det gjort to slike studium frå før, eitt i Irland og eitt i Rogaland, som begge viste sterkt redusert overleving for avkom av oppdrettslaks og dei såkalla hybridane. I Guddalselva planta ein ut befrukta rogn frå høvesvis oppdrettsfisk, villfisk og hybridar for å samanlikna oppvekst, levesett og overlevingsgrad. Og studiane synte det same her som ein hadde sett i Irland og Rogaland, nemleg at oppdrettsgenane påverkar villfisken sine genar, og gjer villfisken mindre tilpassingsdyktig. I risikorapporten til HI kjem det fram at så mange som ni av ti undersøkte fiskebestandar i Hardangerfjorden har påviste store genetiske forandringar.

‒ Gjennom desse nesten tjue åra med studiar i Guddalselva har vi fått viktig kunnskap som er nyttig for dei som forvaltar næring og villfisk, og Guddalselva har blitt eit viktig nasjonalt målepunkt, summerer Skaala opp.

‒ Korleis stiller oppdrettsnæringa seg sjølv til desse forskingsresultata?

‒ Ikkje alle likar resultata våre like godt, men HI har eit godt samarbeid med oppdrettsnæringa på mange fagfelt, og på forskingsstasjonane våre har vi stadig besøk av interesserte oppdrettarar. Mange oppdrettarar er òg interesserte i å bidra i arbeidet med å bøta på problema, som til dømes ved å finansiera utplukk av rømt fisk i elvene, fortel han.

Skaala seier at det er plass til både villfisk og oppdrett i Norge, men at ein må finna ut kor tolegrensa for menneskeskapt påverknad går.

‒ Den årlege «Risikorapport for norsk fiskeoppdrett», som Havforskingsinstituttet utarbeider i dialog med Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og Miljødirektoratet, summerer på ein forståeleg måte opp fakta og kunnskap på dette feltet, sluttar Skaala.

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

Denne del 2 av reportasjeserien «Spelet om fisken» handlar i hovudsak om kva forskinga seier om oppdrettsnæringa sin påverknad på villfisken og miljøet. Kva er dei største utfordringane, og og kva tiltak blir sett i verk som følgjer av forskinga? Vi har òg snakka med villfisk- og miljøforkjemparar, og vi har snakka med oppdrettarar som har starta si eiga, alternative forsking.

Del 1 var på trykk 11. mai, og artiklane ligg òg på nettavisa.

Siste del av reportasjeserien, Del 3: Støyen i Guddalselva, kjem på trykk fredag 25. mai.