Felles gudsteneste på Varaldsøy

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Førstkommande søndag er det felles gudsteneste for heile Kvinnherad på Varaldsøy. Etter gudstenesta i Varaldsøy kyrkje vert det omvising på Varaldsøy der ein mellom anna får sjå på tuftene til garden der T.B. Barratt budde – ein av grunnleggjarane av den norske pinserørsla. Ta med niste, oppmodar sokneprest Kjetil Kringlebotten i pressemeldinga, og legg til at det går ferjer som passar både til og frå Varaldsøy.

Artikkeltags