Send oss Halloween-bilde!

(Illustrasjonsbilde: Colourbox).

(Illustrasjonsbilde: Colourbox).

Knask eller knep? Kvinnheringen vil gjerne ha dine bilde av utkledde ungar og Halloween-feiring!

DEL

Denne veka (kanskje spesielt torsdag 31. oktober) får du kanskje utkledde ungar på døra, for tradisjonen med Halloween-feiring har også nådd Norge og Kvinnherad. Mange har også festar og feiringar, der dei kler seg ut, pyntar og lagar mat med skummelt tema.

Kvinnheringen vil veldig gjerne ha lesarane våre sine Halloween-bilde! Du kan senda bilde til oss på e-post (redaksjon@kvinnheringen.no), eller bruka emneknaggen #kvinnheringen på Instagram. Hugs å skriva kva/kven som er på bilda og kven som er fotograf!

Wikipedia skriv følgjande om tradisjonen:
«Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag eller helgemesse, som er den katolske minnefesten for helgenar og martyrar. Halloweenfeiringa byggjer også på eldre, delvis heidenske skikkar, gjerne knytte til den keltiske høgtida samhain. Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land. Ifølge engelsk tradisjon feirar ein Halloween om kvelden den 31. oktober, dagen før 1. november, som helgemessa er lagt fast til. Helgemesse, og dermed kvelden før henne, er derimot ein bevegeleg heilagdag i den norske kyrkja. Til Halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, spøkjelse, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt eit graskar med utskore fjes og levande lys inni. Opphavleg brukte ein kålrot eller nepe til dette. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med Halloween. Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri. Helsinga i denne samanhengen er «Trick or treat?», som på norsk er blitt til «Knask eller knep?». Gir du ikkje godteri til Halloween-ungane kan du risikera å bli utsett for eit knep eller «hyss».

Artikkeltags